mandag 30. mars 2009

Undermedvitet arbeider for meg

Fint at enkelte hjerneceller løyser vanskelege oppgåver. Så slepp eg det sjølv.

Eg har opplevd det utalege gonger. Eg har eit problem som må løysast. Svaret er umogeleg å finne, så eg legg det til side medan eg gjer noko anna. Så – heilt uventa – kjem løysinga til meg i eit pling!

Det skjedde no. «Kvar har eg gjort av skrinet med alle skruane?» tenkte det. Det var ikkje på sin faste plass. Etter 20 minutt med anna arbeid fekk eg melding frå processoren i hovudet: Soverommet. Og det stemte! Der var skrueskrinet. Bra kundeservice.

Eg fortalde det stolt til kona at det tok berre 15-20 minutt med undermedviten aktivitet, så kom løysinga. «Det hadde gått fortere hvis du hadde brukt bevisstheten» var hennar kommentar. 

Høyrd slikt!

NYTT SLAGORD: «Hjerna arbeider best åleine»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar