onsdag 27. juli 2011

Kva om han var muslim?

Vi hatar massemordaren, men vi beherskar hatet. I gatene er det ikkje berre kjærleik.

Muslimar i Noreg fekk slengt hatefulle kommentarar etter seg like etter bombeåtaket, før nokon visste kven gjerningsmannen var. Og eg tenkte tanken: Er dette eit jihadåtak, kjem muslimar til å få det ille i dette landet. Muslimar frykta sjølv det same seier fleire av dei til mi eiga avis, Vårt Land, no etterpå. Landet som dei kom til for å kjenne seg trygge, ville ha vorte utrygt.

No er dei letta. Mordaren var ingen muslim. Og vi står att, overraska. For i sorga over alle som mista livet, er det også ei sorg over at han er ein av oss. Ein av våre eigne. Ein ektefødd nordmann. Brått er dei opplagte fiendebileta ikkje så opplagte lenger.

(Biletet: Med utsikt til Utøya legg folk ned blomster og tek bilete tysdag 26. juli, tre dagar etter massakren)

Verdspressa skryt over at vi møter valden med ro, samhald og omtanke. Det er flott. Det vitnar om kvalitetar i oss nordmenn. Men kanskje er vi så rolege fordi vi er så fullstendig overrumpla av ein svikar. Forræderiet er så overveldande.
Kva om det hadde vore ein ekstrem islamist? Ville vi klart å møte hans ugjerningar på same måten? Eg fryktar at hatet ville kome ut som skrik om hemn. Eg ser for meg at mange uskuldige muslimar ville kome til å lida.

Vi kjenner ikkje oss sjølve som eit spesielt overberande og forsonleg folk. Tvert i mot. Alle dei smålege nabokranglane fortel noko anna.
Men ingenting er betre om vi får eit anna bilete av oss sjølve, som fredsæle, forsonande og omtenksomme og klarar å leve opp til det biletet. AUF-ar Helle Gannestads ord om kor mykje kjærleik vi kan skape saman, er ein god retningsvisar. Retorikkprofessor Kjell Lars Berge kallar det ein ny leveregel for oss.

Eg vonar vi kan klare å halde fast på han.
Samtidig som vi knuser gamle fiendebilete.

Nytt motto: "Kyss ein fiende før du døyr"

søndag 3. juli 2011

Rullestol som plog


Utanlandsreise med rullestol høyrest tungvint ut. Og det er det. Men du verda korleis eit slikt framkomstmiddel kan vera eit middel til å koma seg fram. Heilt fremst i køa, gjennom stengde dører.

I tre veker har familien vore på ferie i USA. Det har vore ei lystreise mellom venlege og hjelpsomme menneske. Ein ting er at amerikanarar er meir opne og venlege enn vi fastfrosne nordmenn. Ein annan ting er haldninga dei møter funksjonshemma med.

MS gjer Tone avhengig av å bruke rullestol over litt lengre avstandar, så vi tok med ein som lett kan leggjast saman og varsla flyselskapet. Dermed slapp vi oftast fyrst inn på flyet. På kvar flyplass møtte ein hjelpar oss. Hjelparen køyrde rullestolen og losa oss lett gjennom innsjekking, passkontroll og tryggleiksjekkar fram til neste utgong.

Denne forbi-alle-køar-haldninga møtte vi over alt i USA. Heile familien nytte godt av at mor var ein tanke ufør. I Disneyland i Los Angeles (alle fornøyelsesparkars mor) var det (nesten) gjennomførd praksis at vi kunne gå forbi køa til attraksjonene og slapp inn fyrst. Hoi! Det sparte oss for timar i kø. Ikkje noko problem å oppleve fengselsøya Alcatraz med rullestol (biletet).

Den mest priviligerte opplevinga fekk vi i San Fransisco by. Etter å ha vitja fengselsøya Alcaraz rett utanfor byen, ville vi ta trikken attende til hotellet. På haldeplassen var det kø, men så oppdaga eg at det var ei rampe like ved. Der var det eit funksjonshemma-skilt, så vi stilte oss der og lurte på korleis dette ville fungere. Det fungerte over all forventning.
Då trikken kom, var han full. Så han køyrde forbi haldeplassen der folk venta, men stogga ved rampa. Rullestol inn på full trikk? Det tok litt tid før føraren opna døra. I mellomtida høyrde vi at han kommanderte passasjerane bakover i trikken for å gi plass til rullestolen. Fleire gonger måtte han kjefte på dei og fortelje at han var nøydd til å ta med funksjonshemma passasjerar «according to federal law». Så opna han døra og føraren slapp oss inn medan han ba om orsaking for at han hadde med seg vanskelege passasjerar i dag.
«Sit i rullestolen», sa eg til Tone. «Reiser du deg no, vert det bråk».
Der vi skulle av køyrde vi ut på ein heis som tok oss ned på gateplan.

Eg er skalla, men kjende at eg fekk bakoversveis over denne tilretteleggjinga. Ein ting er at dei sterke rettane funkjsonshemma har i Det store landet. Ein annan er korleis ein praktisk ordnar ramper og tilgong.
Kva gjer vi vi Norge? Med krava om universell utforming har fleire offentlege bygg vorte meir tilgjengelege. Men i offentleg transport er det enno mykje ugjort. Det finst mange bussar og tog som er utilgjengelege for rullestol. For ikkje å snakke om Oslo-trikken.
Vi har mykje å lære av USA på dette området.

Nytt motto: Rullestolen skal fram

Dette notatet kjem frå bloggen min kundesørvis.not.enno. Les fleire innlegg der.
Fleire bilete frå Californa-ferien 2011 finn du på biletsida mi.