torsdag 5. november 2009

Hurra, me har svineinfluensa!

Eg går rundt med munnbind. Svineinfluensaen er i hus. No kan jula kome.

Det er litt absurd. Frå å ha eit distansert tilhøve til svineinfluensa, veit eg no kva det er er. Det er dattera mi, som ligg i senga med feber, hoste og vondt i kroppen. Vi er ein del av pandemien. Tjohoi!

Etter å ha sett på køer for å få vaksine, var eg førebudd då eg i dag reiste inn til Asker for å kjøpe Tamiflu. Det er fyrste dag influensamedisinen er utan resept, og eg trudde køene var lange utanfor apoteket. Tusenvis hadde tidlegare på dagen oppsøkt apoteka i Oslo. Mange var avvist.

I apoteket i Asker var det ikkje kø. Mannen framfor meg insisterte på at han skulle ha Tamiflu, fordi det hadde legen hans sagt. Men farmasøyten var klar: Var han ikkje sjuk eller i ei risikogruppe, kunne han ikkje få. Sur og misfornøyd måtte han til slutt gå utan medisin.

Farmasøyten og mannen fekk svi for helsestyresmaktene dårlege «kundeservice». Dei har ikkje nådd ut til folket med presis informasjon. Og korleis skal dei klare det når mediene fortel halve sanninga, legane desinformerer og rykta går? Det er ei umogeleg oppgåve – ironisk nok i eit moderne informasjonssamfunn.

Sjølv var eg heldig og høyrde eit nyhendeinnslag på radio på veg til apoteket. Difor visste eg at farmasøyten hadde rett. Sjuke burde ikkje sjølv gå på apoteket, men sende nokon i familien, fortalde radioen. Hei, dei snakka om meg! Far rykkjer ut!

Eg fekk medisinen. Betalte 70 kroner (sterkt subsidiert av Staten), fekk to pakker munnbind med bruksanvisning og kjente at eg var ein del av eit større fellesskap; dei pandemiske.

Heime gjekk eg inn på datteras rom. Og vi lo godt, begge to. Der står far ved senga – med munnbind – redd for å verta smitta av farsotten.

Apropos mor. Frua tykkjer ho kunne vorte ein god sjukepleiar for ho kler munnbind så godt.
Nei, om farsotten er ille, er sikkert morsotten verre. Det er eit godt sottår i år. Det kan vi slå fast.

Nytt slagord: «Vil du ha epidemi – eller di?»