mandag 18. oktober 2010

Twitter-tvil

Livredd for ikkje å fylgje med i verda har eg oppretta profil på twitter: @kjellkvamme. For andre grunnar har eg ikkje. Vel, kanskje litt utforskartrong. Litt krampaktig kjenner eg at det er, for kva har eg sjølv å melde?

Designsjef i det store mediekonsernet Conde Nast, John Grimwade, sa det slik på ein konferanse i Oslo nyleg: «Eg har 150 fylgjarar på Twitter, men eg har aldri sendt ein tweet. Eg har ikkje noko å fortelje».
Eg likar folk som seier det rett ut. Svært mange på Twitter melder vidare dei har sett eller høyrd frå andre. Kva er originalt med det?

Journalistar hyller meldingstenesta som eit fantastisk arbeidsreiskap. Utanriksredaktøren i avisa Sydsvenskan sendte ut ei melding for å kome i kontakt med augevitne til jordskjelvet i Chile. Og ho klarte det.
New York Times fortel om ei mordrettssak i Cheshire, Connecticut der reportarar melde live på Twitter frå rettssalen. Haiku-journalistikk kalte ein av reportarane det. Enkelte meiner det er banebrytande live-journalistikk. Med 140 teikn i gamal telegramstil nådde avisene nye lesarar.
Men i iveren etter å vera fyrst gjekk detaljerte vitneprov om blod og vald rett ut. Kritikarar meiner rettssaka vart underhaldning og roper på redaktørane.

Eg er journalist, og kanskje er det difor eg tykkjer Twitter no er interessant. Men er Twitter berre ein reiskap for påvirkarar som vil at vi i mediene skal skriva om dei, eller ein reiskap for oss i mediene som vil at mediepåverkarane skal lesa oss?

Dette funderer eg på som ny Twitter-brukar. Og førebels har eg ingenting å melde.

Nytt slagord: «There are no news today» (Melding på nyhetssendinga til BBC i «gamle dagar»).