mandag 31. august 2009

Meir skatt! Meir velferd!

Eg betalar skatten min med glede. Eg kan faktisk tenkje meg å betale meir skatt! I ti månadar har jeg casha ut mine innskot i velferdsstaten. Utan det offentlege hjelpeapparatet hadde eg og familien hatt ei mykje tyngre tid bak oss dette året.

Med tung sjukdom i familien trengte vi hjelp. Det fekk vi. Eg tek hatten, skjorta, buksa og heile habitten av for korleis ulike instansar har stilt opp for oss. Raskt og over lang tid.
Dette er det utskjelte HJELPEAPPARATET. Det offentlege HJELPEAPPARATET.

Vi har hatt tilgong til psykiater, spesialpedagog, PPT, inspektør, fysioterapeut, lærarar, legar, sjukehus og medisinar. Dyre medisinar.

BUP (Barne- og ungdomspsykiatri) i Asker tok oss inn akutt då behovet meldte seg i fjor haust. Dei stilte med to spesialistar. Dei har gitt - og gir - oss god vegleiing.

Då kona mi vart sjuk med MS-plager vart vi fortald at Asker kommunes hjelpemiddelsenter kunne hjelpe oss. Då vi troppa opp, fekk vi utlevert det vi trengte. Rullestol, rullator og fleire andre hjelpemiddel. Heilt gratis. Ekspedert på flekken. Fantastisk flott og rask hjelp. Dei tok knekken på alle myter om at all kommunal handsaming tek lang tid. Dette er det mest ubyråkratiske eg nokon gong har opplevd.

Litt lenger tid tok det med heimehjelp. Men det kom det også. Og tryggleiksalarm. Om ikkje alt er gratis, er det billig.

Asker er ein god kommune å bu i. Godt administrert. Bra med pengar. Inntektsnivået og skatteinngongen er så stor at vi subsidierer andre delar av landet med skattekroner. I likskap med Bærum og andre rike kommunar.

Servicetorget er kommunens frontrekkje for å gi raske svar til innbyggjarane og for å vegleie brukarar inn i byråkratien. Dei er kommunens kundeservice, om du vil. I ei nasjonal kåring vart Asker mellom dei beste kommunane til å gi service.
Med ein kort søknad og tilråing frå fysioterapeut gav dei oss ledsagerbevis, levert på 5 minutt over skranken. Ledsagerbevis er eit kort som gjev gratis, eller redusert pris, til den som fylgjern sonen vår på visse aktiviteter - eller på tog. Flott ordning.
Kommunen har gjort all sutring og syting om udugelege kommunefolk til skamme.
Det er godt å bu i Asker.

Vi har verdas beste velferdsstat.
Dei som ikkje skjønar det burde fått seg ein tur innom hjelpeapparatet. Og fått hjelp.

NYTT SLAGORD: «Velferd – fordi du fortener det»

mandag 3. august 2009

Middagen er servert

I vår var både kona mi og sonen vår sjuke. Det var tungt. Samtidig fekk vi hjelp frå vener, naboar og familie. Uvurderleg hjelp. Og god mat!

I dei tyngste periodane kjente eg det som om eg brukte heile døgnet på familien. Eg vart sliten. Det forsto folk rundt meg, og dei spurde kva dei kunne gjera for oss. Det var ikkje heilt lett å svare på til å byrje med. 

«Lag ein ekstra porsjon middag», svarte eg etter å ha tenkt meg om. Å laga varm mat kvar dag på toppen av det andre vart eit stort prosjekt. Middag skal planleggjast, kjøpast inn til og lagast. Kunne eg verta avlasta med middagslaginga, ville eg spare mykje krefter. Dessutan var det ei avgrensa og overkomeleg oppgåve. Middag skal ein likevel lage.

Eg trur vi fekk 10 ferdige middagar! Det var berre å varme rettane, koke ris, poteter eller spaghetti og smelle det på bordet. Enkelte gonger gjorde eg ikkje det ein gong. Naboane over oss leverte full pakke på døra - rett på bordet. 

Heis flagget for Anne-Kristine og Geir Magne Merkesvik (naboar) og for Gerd Robsahm Kjørven med ektefelle Håvard Sporastøyl, og for Helen og Terje Myra!
Svoger og svigerinne Mie og Dago kom på døra og laga taco in house.
Søstera mi Ingeborg kom to helger og var «husmorvikar» - laga mat, vaska klede, vaska hus og tok seg av oss. Mor mi, Margrete, var hjå oss to veker og hjelpte til med husarbeid. Ikkje minst middagslaging.

«Det må vera Gud!», sa ein ven då han høyrde om venetenestene. Ja, eg utelukkar ikkje det.
«Kvardagsdiakoni», sa ei venninne. Og det er det så definitivt.

Det fylgjer mykje velsigning i å ta i mot hjelp når ein treng det. Eg må berre fortrengje det stolte i meg fyrst. For det er ikkje alltid like lett å ta i mot hjelp. Av eiga erfaring veit eg også at det er godt å hjelpe. Det er mykje velsigning i det også. Difor skal ein ikkje hindre folk i å hjelpe. 

Vi veit at mange har bedt for oss som familie i ei vanskeleg tid som varte frå oktober til slutten av juni. Det er også ei god veneteneste. Og eg trur bønene er høyrde. Sommaren har vore lettare på alle måtar. 

Takk alle saman. For all «kundesørvis». Takk.

Nytt slagord: «Det finst alltid hjelp å få»