tirsdag 28. juli 2009

Mekanikarhjelp frå USA

«Kvar er den tappeskruen!?» har eg lurt på i hele dag. Det er så irriterande at ein påhengsmotor ikkje kan gå når eg har sommerferie. Eg trodde eg visste kva problemet var. Men kva var løysinga? Svaret kom frå cyberspace.

Påhengsmotor som fuskar. Siden eg har vaske opp med påhengsmotor på hekken tyder det anten at det er rusk eller vatn i forgassaren. Eg gjekk for vatnhypotesa, og tenkte at det berre var å tappe av forgasseren. Men kvar var dreneringsskruen?

Det einaste merkeverkstaden i Asker kunne/ville ikkje fortelje meg det. Dei kunne gjerne sjå på motoren, men det ville ta 2-3 uker. Men eg vil på sjøen i morgon!

Etter å ha fikla rundt, gjekk eg på nettet i von om å finne ein manual for ein «Johnson 9,9hp outboard». Ingenting. I søkelista låg Justanswer.com som meldte at dei hadde 7 ekspertar som kunne svare. Skeptisk sendte eg avgårde eit spørsmål på engelsk. 

17 minutt og 19 sekund seinare svarar ein mekanikar med 27 års erfaring i eit firma som heiter Master Tech, truleg ein stad i USA. Han fortel meg kvar skruen er og kva eg skal gjera. Eg må forvisse meg om at «caburetor» er forgassar, og han svarar på oppfylgjingsspørsmålet mitt 5 minutt og 47 sekund etter. Så har eg det på plass. Eg finn skruen der han forklarar og tappar av. 

Tenesta kosta meg 200 kroner, men det er ho verd om motoren går. No er det så seint på kveld at eg ikkje torer å prøvestarte på grunn av bråket. 

Dett er det siste dømet på at eg finn svar på nettet – for trivielle og enkle problem, men akk så tid- og energikrevjande. I kveld fekk eg svar frå ein ekspert, men svara kjem ofte kjem gjerne frå vanlege folk som har hatt same problemet. 

Førre gongen var for to dagar sidan. Ein flekk med gammal tomatsaus sat fast i den nye, dyre vaksduken. Andre hadde hatt same problem synte det seg, og rådet var dekkrens. Rensemiddel for bildekk! Ok, det står enno att å prøve det, men det skal vi gjera.

Nytt slagord: (Nokon forslag?)

PS. Dette skulle opprinneleg vera ein sutre/klage/syte-blogg, men dette innlegget og dei andre som kjem snart, vil fortelje kor mykje «kundesørvis» det er mellom vanlege folk. Fylg med

mandag 20. juli 2009

Norges Statsbavianar

NSB kasta nyleg ein 27 år gammal mann med multippel sklerose (MS) av toget på Voss fordi han var «ein risiko», i fylgje Bergensavisen. I all sin dårlege kundeservice er det fyrste gongen eg har høyrd at statsbanene handsamar passasjerane sine omsynslaust.

Truleg visste konduktøren ingenting om sjukdomen, men det er ingen orsaking for å vera dum. Eller vera redd for å få ansvar for ein akutt sjuk person på toget.

Multippel sklerose (MS) er ein sjukdom som veldig mange nordmenn har, og som dei klarar å leve med. Kona mi er ein av dei.

Betente nervetrådar i sentralnervesystemet fører til at at ein tapar kontroll over musklar i større og mindre grad. Slik rammar MS. Men det er ikkje akutt, og dei fleste som har sjukdomen klarar seg sjølve, sjølv om dei er hemma.

Det er ei alvorleg krenking av eit menneske å verta avvist på eit offentleg transportmiddel når ein ikkje er risiko for seg sjølv eller andre. For når vart rørslehemma ein risiko? MS er heller ikkje smittsamt.

Det er NSBs konduktør som er ein risiko. Og no skal eg vera litt stygg: Det er ikkje alltid dei skarpaste knivane i skuffa som er konduktørar hjå landets statsbaner. Treninga i å ta seg av passasjerane er ikkje den grundigaste.

I ei anna servicebedrift ville konduktøren av Bergenstoget fått sparken for «ubetenksomhet i tjenesten».

Truleg skjer det ingenting – verken med han eller statsbanene.

Nytt slagord: «Ja, da var det helseattesten, takk»