lørdag 24. april 2010

Litt enkel filsosofi frå ein enkel mann

Det er deilig å verta litt bortskjemt. Få litt merksemd. Litt skryt kanskje. Eg er enkel slik. Eg tek det eg får.
Ein av dei finaste presangane eg fekk til jul var eit enkelt ark frå Johannes (son). Det var eit klippekort for seks frukostar servert på senga. Frukost på senga er så fint. Det gjev meg kjensle av luksus. Men eg får det sjeldan. Og difor sit eg endå større pris på julepresangen. Eg er enkel slik.

Sist laurdag innkasserte eg den fyrste. Johannes spurde når eg ville ha serveringa, og presis klokka ti banka han på soveromsdøra og toga inn med eit serveringsbrett. På det var det to brødskiver og kaffi med mjølk. Så supplerte han med eit glas jus. Ein god start på ein laurdag. Tone kom med fire aviser, og då var eg ein lukkeleg mann.

Berre tanken på at eg kan få frukost på senga gjer meg glad. Eg er enkel slik.
Det er ein genial presang. Og han varer lenge, så lenge eg vil. Men når eg opp mot jul i år tingar den siste sengefrukostserveringa, angrar sikkert Johannes at han ikkje gav meg eit par sokkar.
Det vil kosta han lite i kontantar, men meir i innsats.
Berekraftig og politisk korrekt er det også. Men blås i det så lenge far vert glad. Det er det viktigaste. Eg er enkel slik.

Eg fylte femti nyleg. «Det er det siste jubileet som er fint å feire», så ein eldre kollega som nærmar seg sytti. Midt i arbeidstida kom mine kolleger med gigantisk marsipankake. Det vanka talar frå ein av sjefane og frå fagforeiningsleiaren. Eg fekk gåve både frå klubb og arbeidsgjevar. Det var ingen grense for merksemd. Det var fint. Eg likte det. Eg kjente at det gjorde godt, både dei fine orda og presangane. Og eg tykte at eg var verdt det. Eg er enkel slik.

Då mora til ein god ven døydde held eg tale i minnestunda. Mora var snill, veldig snill, og eg hevda at å vera snill er ein undervurdert eigenskap. Alle snille menneske vert hugsa, og eg trur det skjer fordi alt det snille set seg fast i minnet. Såra som vi er av livet er det godt med flekkar på sjela av alt det gode og snille vi også har opplevd.
Å vera snill er god kundesørvis ut frå mi forståing av «kundesørvis». Eg trur på snillismen. Det er ein enkel ideologi - for enkle menneske.

Nytt motto: «Ver snill, værsåsnill»

onsdag 7. april 2010

Helt ipaddeflat

Eg elskar ny teknologi som er smart og leikfull. Dette innlegget skal handle om kor dumme folk er som tykkjer at all ny teknologi er smart og leikfull. Høyrde eg ipad?

Sjølvaste påskeaften var fyrste dag Apples nye ipad var i sal. Det vart seld 300.000 eksemplar denne dagen. No melder dei fyrste testane at det er feil på den fantastiske medieplata. Ha! Var det ikkje det eg visste – og så skråsikkert har hevda. Fyrste generasjon av ei ny maskin er full av feil.
Men sanninga er at jeg berre hevdar slikt for å skjule kor vanvittig nysgjerrig eg er på vidunderet og kor gjerne eg skulle hatt eit eksemplar.

Eg les i fleire aviser og blad der ipadda vert testa. Det står det same over alt: Kor enkel ho er til å bruke, kor fantastisk spelmaskin og filmmaskin det er, men kor dårleg ho er til innhaldsproduksjon.

I dag då eg leste Jan Omdahl si melding i Dagbladet av ipad slo det meg kor ukritisk kritikarane er. Ein ting er at det er teknofrikar av verste slag som skriv om ny teknologi. Då er det kanskje ikkje anna å vente at dei hevdar at siste versjon, siste oppgradering og neste utgåve alltid er den beste. Og den berre MÅ du ha, berre MÅ ha. For den du kjøpte for eit halvt år sidan er utdatert og snart må vrakast på skraphaugen.

Men ei anna side av den ukritiske haldninga er at eg aldri les nokon teknoekspertar som seier at «dette treng du ikkje», «denne oppgraderinga er å kaste pengar ut vindauget» eller «no er det for mykje ny teknologi». Fetisjistane opptrer i staden som pusharar av alt nytt, skinnande.
Det gir meg dårleg smak i munnen. Eller ein annan stad.

Faktum er at miljørekneskapet for alle elektronikk er høgt. Vi kan ikkje halde fram å fornye datamaskina vår kvart femte år. Og det seier eg!?! Dette skriv eg på ei Apple notebook som er fem månader gamal, betalt av arbeidsgivaren min. Då den gamle knelte i haust var han knapt seks år gammal. På den nye maskina kan eg gjera kva eg vil. Fantastisk apparat. I heimen vår er vi fire personar og fem datamaskiner. Alle har fått si eiga, og familiens «fellesmaskin» og står og samlar støv i ein krok.

Den britiske TV-serien «Etter katastrofen» er tankevekkjande. Epidemien som drep dei fleste menneske utryddar også ein teknologibasert levemåte. Dei overlevande er tvungne attende til jorda for å overleve. Vi er dårleg budd på ein kollaps av teknologien. Vi ser heller ikkje kor lite viktig han er når alt kjem til alt.

Teikneseriestripa Lunch (i Dagbladet og Teknisk Ukeblad) har hovudpersonen Kjell (!) som på Wikipedia vert omtalt slik: «Kjell er en liten, skallet mann som stadig kommer med nye påfunn. Han er ganske ivrig etter pene damer, og gjør hva som helst for å se nærmere på dem. Han er ikke så ivrig på jobb, og tar ofte ting feil eller altfor bokstavelig.»

Vel, ein dag vert han mobba for sitt fulle skrivebord. Det er hans kollega, designaren Nico som ynskjer Kjell «velkommen til det papirløse samfunn». Nico «har mange produkter fra Apple på jobb. Han er et ordensmenneske, og blir gal dersom ting kommer ut av kontroll. Han blir veldig stolt når han finner ut nye ting, og bruker det så ofte som mulig.» Nico har alt lagt inn på iphonen sin, men når han frå klosettsetet sender tekstmelding til Kjell om det er tomt for toalettpapir, svarer Kjell: «Velkommen til det dopapirløse samfunn. Tørk deg med iphonen».

Nytt slagord: «I dag ville Moses kome ned frå Sinaifjellet med en e-tavle»