lørdag 24. april 2010

Litt enkel filsosofi frå ein enkel mann

Det er deilig å verta litt bortskjemt. Få litt merksemd. Litt skryt kanskje. Eg er enkel slik. Eg tek det eg får.
Ein av dei finaste presangane eg fekk til jul var eit enkelt ark frå Johannes (son). Det var eit klippekort for seks frukostar servert på senga. Frukost på senga er så fint. Det gjev meg kjensle av luksus. Men eg får det sjeldan. Og difor sit eg endå større pris på julepresangen. Eg er enkel slik.

Sist laurdag innkasserte eg den fyrste. Johannes spurde når eg ville ha serveringa, og presis klokka ti banka han på soveromsdøra og toga inn med eit serveringsbrett. På det var det to brødskiver og kaffi med mjølk. Så supplerte han med eit glas jus. Ein god start på ein laurdag. Tone kom med fire aviser, og då var eg ein lukkeleg mann.

Berre tanken på at eg kan få frukost på senga gjer meg glad. Eg er enkel slik.
Det er ein genial presang. Og han varer lenge, så lenge eg vil. Men når eg opp mot jul i år tingar den siste sengefrukostserveringa, angrar sikkert Johannes at han ikkje gav meg eit par sokkar.
Det vil kosta han lite i kontantar, men meir i innsats.
Berekraftig og politisk korrekt er det også. Men blås i det så lenge far vert glad. Det er det viktigaste. Eg er enkel slik.

Eg fylte femti nyleg. «Det er det siste jubileet som er fint å feire», så ein eldre kollega som nærmar seg sytti. Midt i arbeidstida kom mine kolleger med gigantisk marsipankake. Det vanka talar frå ein av sjefane og frå fagforeiningsleiaren. Eg fekk gåve både frå klubb og arbeidsgjevar. Det var ingen grense for merksemd. Det var fint. Eg likte det. Eg kjente at det gjorde godt, både dei fine orda og presangane. Og eg tykte at eg var verdt det. Eg er enkel slik.

Då mora til ein god ven døydde held eg tale i minnestunda. Mora var snill, veldig snill, og eg hevda at å vera snill er ein undervurdert eigenskap. Alle snille menneske vert hugsa, og eg trur det skjer fordi alt det snille set seg fast i minnet. Såra som vi er av livet er det godt med flekkar på sjela av alt det gode og snille vi også har opplevd.
Å vera snill er god kundesørvis ut frå mi forståing av «kundesørvis». Eg trur på snillismen. Det er ein enkel ideologi - for enkle menneske.

Nytt motto: «Ver snill, værsåsnill»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar