lørdag 25. april 2009

Telenors eldregebyr

Eldre kundar hjå Telenor er rasande. Og eg forstår dei godt. Telenor vil at alle kundar skal få rekninga på e-faktura. Dei som framleis ynskjer å få henne på papir, må ut med 35 kroner. Sidan mange eldre ikkje har datamaskin eller internett, er det dei dette rammar mest.

Norsk Pensjonistforbunds medlemer reagerer kraftig: http://www.aftenposten.no/pengenedine/article3042279.ece. Telenor svarar med at dei visste reaksjonane ville koma, men at konkurrentane gjer det same.

Ein skulle tru at eit storselskap som Telenor hadde smarte folk som kunne hindra telegiganten frå å gjera noko så dumt. For dumt er det. Telenor innfører gebyret for å tvinge folk over på e-faktura. I brevet til kundane vert det ikkje nemnd ein einaste grunn til kvifor dei gjer dette. Dei vil spare pengar. Sjølvsagt vil dei det. Men kvifor skal kundar betale for at Telenor skal spare pengar?

Det smarte ville vore at kundane sparer pengar på å bruke e-faktura. Då ville kundane med papirfaktura betale like mykje som før, og e-faktura-kundane ville få litt billegare telefonrekning. Dette ville vore ein psykologi som ville hindra kundestormen og gjort alle meir nøgde: Ingen ville tape på det. Vi med e-faktura ville vinne på det.
I staden vert alt negativt: Papir-folket taper på det. Vi med e-faktura vinn ingenting.

Eg forstår at eldre oppfattar fakturaavgifta som diskriminering. Det er langt frå alle som har, eller har tilgong til datamaskin og nett. Dette er ikkje det fyrste tilfellet der folk skal tvingast til å bruke datamaskin. Det er like opprørande kvar gong.

Telenor kan umogeleg ha tenkt gjennom kva dette gjer med omdømmet deira. Og har dei tenkt, så er det ei kynisk handsaming av trufaste kundar.
I kundebrevet som varslar ekstragebyret har Ric Brown underskrive med «leder mobil». Han er ansvarleg for at dette vil svekkje omdømmet til Telenor.

Stadig fleire, inkludert mi mor som ikkje har datamaskin, innser at det går godt an å skifte teleleverandør. Det er enkelt, og det er billegare. Det ville overraske meg stort om ikkje mange no seier opp som kunde hjå Telenor. Folk som har trudd dei skulle halde fast ved Telenor i gode og onde dagar til døden skil dei ad, vil ikkje finne seg i slik dårleg kundehandsaming.

Nytt slagord: «Telenor og ned»

lørdag 18. april 2009

Svigerfars kundeservice

Svigermødre har eit dårleg rykte. Mi svigermor lever ikkje opp til det, langt i frå. Svigerfedre har ikkje noko rykte. Dei burde hatt verdas beste rykte dersom min eigen svigerfar set standarden. Han driv personleg frivillighetssentral for familien.

Dagfinn Sæther er pensjonist. Men det er berre på papiret. Knapt nok. Heile livet har han gitt til kristent organisasjonsliv og kyrkje. Men i sjela er han ein håndverkar. Ein svært praktisk mann som heile familien nyt godt av. Eg mistenkjer han for å ha skaffa seg fire born for at pensjonisttida ikkje skulle verta keisam.

Siste bidraget hans i heimen vår var å montere ein taklampe i entreen. Tidlegare har han montert lamper, sett opp lister, skillevegg, montert vindaugo og gjort ein haug med ting som ville kosta oss ein formue dersom vi skulle hyra ein profesjonell handverkar. 

På toppen kjem den tida vi sparer dersom eg sjølv skulle gått i gong med ting. Eg er ikkje verdas mest praktiske, eller raskaste, kan du seie. Då han skulle setje opp skillevegg i barnas soverom, var eg håndlangar. Eg klarte nesten ikkje halde tritt med han og var ganske sliten etter arbeidsøkta. Snakk om turbo!

Hjå svogeren min har han bygd eit tilbygg på to etasjar. Inga oppgåve er for liten. Det trengs berre litt lenger prosjektering. 

Dagfinn set strenge krav til korleis han vert handsama som kunde, men lever sjølv opp til sine eigne krav når han yter service til andre. Svigerfars kundeservice er den aller beste.

NYTT SLAGORD: «Svigerfar - alltid beredt»

onsdag 15. april 2009

Svensk frykt

«Svensk», tenkte eg. SVENSK! Der stod eg i Siba-butikken (svensk) med ekspeditør (svensk) etter å ha krangla med kundetjenesten deira (kundehjelpar frå Skåne). Det måtte vera framandfrykt som gjorde at eg la vekt på nasjonaliteten. 

Eg var ikkje i Sverige ein gong, men på Liertoppen! Men framandfrykt var det nok, heilt sikkert. Muslimfrykta mi vart projisert over på svenskar. 
Måtte vera noko slikt. 
Inte mysigt. Inte alls.

Det slår meg stadig vekk kor mykje svenskar som arbeider i servicenæringer i og rundt Oslo. Dei er over alt. Alltid blide, hyggelege og hjelpsomme. Det skal dei ha. Med dette i tankane var reaksjonen min i Siba-butikken langt over alle landegrenser. 
Men det var ein grunn til det. 
Ei lita historie, faktisk.

Min kjære son, Johannes på 13, hadde spart pengar til si fyrste datamaskin. Den fyrste vi kjøpte frå Siba hadde ein feil med skjermkortet, så vi fekk bytta den inn. Den andre av merket Packard Bell var fin, men kvar var web-kameraet som dei sa skulle vera der? Og som ein klistrelapp på maskina faktisk stadfesta?

I butikken innrømte svensken at maskina ikkje hadde kamera. Det var feil informasjon, og fleire kundar hadde kome attende og spurd om dette. Men vi kunne få eit eksternt webkamera til halv pris. (Kremt!) Vi fekk det gratis til slutt.
Den svenske ekspeditøren redda inntrykket av Siba, men det var i siste liten. 

Siba er ei av Nordens største elektronikkjeder. Dette er fyrste gongen familien min er kunde hjå dei. Etter erfaringane (sjå også innlegga «Siba gir deg ikke råd» og «Kjøpte Packard Bell») kan eg ikkje tilrå å handle hjå dei. Til det er kundeservicen altfor dårleg. 
Nei, neste gong skal eg handle i Sverige.

NYTT SLAGORD: «Siba gir deg råd – hvis du maser»

mandag 6. april 2009

McDo(nalds)

Eg har ikkje mykje fint  å seie om McDonald´s. Kanskje ein ting, forresten.

I dag var eg saman med svigerinna mi, Heidi, på ein McDonald´s-restaurant. Vi har felles haldning til fenomenet «amerikansk hamburgerrestaurant», men hadde gjort eit felles unntak frå regelen. Då gjorde ho meg merksam på ein fin ting med McDonald´s-restaurantane: Der er det alltid råd å gå på toalettet. 

Ho har rett! Der det er ein McDonald´s er det alltid ein do. Gratis do. Det gule M-merket har fleire gonger vore redning for den fulle blæra mi på bytur. 

Så det skal dei ha. Bra kundeservice på do-fronten. Slagordet gir seg sjølv

NYTT SLAGORD: «McDonald´s – when you need to go. But the food tastes like …»