lørdag 25. april 2009

Telenors eldregebyr

Eldre kundar hjå Telenor er rasande. Og eg forstår dei godt. Telenor vil at alle kundar skal få rekninga på e-faktura. Dei som framleis ynskjer å få henne på papir, må ut med 35 kroner. Sidan mange eldre ikkje har datamaskin eller internett, er det dei dette rammar mest.

Norsk Pensjonistforbunds medlemer reagerer kraftig: http://www.aftenposten.no/pengenedine/article3042279.ece. Telenor svarar med at dei visste reaksjonane ville koma, men at konkurrentane gjer det same.

Ein skulle tru at eit storselskap som Telenor hadde smarte folk som kunne hindra telegiganten frå å gjera noko så dumt. For dumt er det. Telenor innfører gebyret for å tvinge folk over på e-faktura. I brevet til kundane vert det ikkje nemnd ein einaste grunn til kvifor dei gjer dette. Dei vil spare pengar. Sjølvsagt vil dei det. Men kvifor skal kundar betale for at Telenor skal spare pengar?

Det smarte ville vore at kundane sparer pengar på å bruke e-faktura. Då ville kundane med papirfaktura betale like mykje som før, og e-faktura-kundane ville få litt billegare telefonrekning. Dette ville vore ein psykologi som ville hindra kundestormen og gjort alle meir nøgde: Ingen ville tape på det. Vi med e-faktura ville vinne på det.
I staden vert alt negativt: Papir-folket taper på det. Vi med e-faktura vinn ingenting.

Eg forstår at eldre oppfattar fakturaavgifta som diskriminering. Det er langt frå alle som har, eller har tilgong til datamaskin og nett. Dette er ikkje det fyrste tilfellet der folk skal tvingast til å bruke datamaskin. Det er like opprørande kvar gong.

Telenor kan umogeleg ha tenkt gjennom kva dette gjer med omdømmet deira. Og har dei tenkt, så er det ei kynisk handsaming av trufaste kundar.
I kundebrevet som varslar ekstragebyret har Ric Brown underskrive med «leder mobil». Han er ansvarleg for at dette vil svekkje omdømmet til Telenor.

Stadig fleire, inkludert mi mor som ikkje har datamaskin, innser at det går godt an å skifte teleleverandør. Det er enkelt, og det er billegare. Det ville overraske meg stort om ikkje mange no seier opp som kunde hjå Telenor. Folk som har trudd dei skulle halde fast ved Telenor i gode og onde dagar til døden skil dei ad, vil ikkje finne seg i slik dårleg kundehandsaming.

Nytt slagord: «Telenor og ned»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar