onsdag 2. februar 2011

Den grådige mediealliansen

Verdas mest pengegrådige mediemann, Rupert Murdoch, har alliert seg med eit av dei mest griske dataselskapa i utviklinga av verdas fyrste nyhendeteneste på nettbrett, The Daily. Det kan verta ein stygg allianse.

I dag (onsdag 2. februar) vart The Daily lansert i New York. Murdoch har etablert ein redaksjon med 120 medarbeidarar som utelukkande skal levera nyhende på nettbrett. Eller rettare sagt på Apples Ipad. Det er enno ikkje ute versjonar til andre brett. Dette kan vera framtidas avis. Det er uansett ein medierevolusjon vi er augnevitne til.

Avisa er berre tilgjengeleg i USA. Ved nedlasting av app-en må ein godkjenne vilkår som seier at Apple kan bringe personlig informasjon videre til tredjepart i markedsføringsformål, skriv nettavisa Appleinsider.

På pressekonferansen der The Daily vart lansert, la ikkje herr Murdoch skjul på at det låg store høve til å tene gode pengar i prosjektet. Etableringskonstnadane har vore låge, men annonsørar ville få høve som dei aldri tidlegare har hatt. Appleinsider melder at delinga av abonnentinformasjon mellom Apple og utgjevarar var avgjørande for avtalen å få sett opp ein abonnementsavtale.

Er dette korrekt, kan annonsørar få tilgong til informasjon og drive ei aggressiv og målretta marknadsføring som vi kanskje ikkje har sett tidlegare. Slik eg kjenner vårt sosialdemokratiske land, finn eg det usannsynleg at norsk lovgjeving gir rom for dette.

Poenget er uansett at brettaviser kan verta god butikk for utgjevarar – og starten på nettavisenes død, ifølgje Espen Reiss Mathiesen ved Universitetet i Stavanger, som har snakka med NRK. Sjølv om den berre kostar rundt ein dollar i veka og 40 dollar i året, er det pengar i dette, meiner Murdoch. Når alle trykkeri- og distribusjonskostnader er vekke, er det større sjanse til å skape profitt. Eg betaler gjerne mindre enn ei krone for ei god brettavis. Eg betaler opptil fleire kroner dagen.

Profittjaget hjå Apple, News Corporation og andre utgjevarar kan brått syne seg å slå attende. I ei verd der så mykje informasjon er gratis, trass i alt, vil kundar/lesarar/abonnentar kunne kome til å vende dei ryggen og søkje alternative kanalar. Sjølv om eg betalar lite i abonnement, likar eg ikkje tanken på å verta bombardert av pågåande reklamefolk.

Då kan det vere like deilig å vera utan The Daily.

Nytt slagord: Skil mellom brett og galt

Dette notatet kjem frå bloggen min kundesørvis.not.enno. Les fleire innlegg der.