mandag 17. januar 2011

Julepresangen som tok kaka


Dette er amerikanske donuts laga ein sundag ettermiddag i ein møblert heim i Asker, Norway. Julepresangen frå USA kunne nytast til kaffi i ei roleg helg. Men sjå, bak kosen synte det seg eit nettverk av internasjonal transport og handel. Dette er historia.

Vi er så heldige at Frida er utvekslingsstudent i California. Som den gode dottera ho er, veit ho at familien heime set pris på merksemd. Så vi fekk julepresangar i posten. I ei av pakkene skjulte det seg donut-mix. Smultringar i halvfabrikat. Ho veit at særleg far og bror er glad i dei amerkanske – og feite – bakervarene.

På vegleiinga vart det tilrådd å lage smultringane i former. Det hadde vi ikkje, men vi fann fort formene. På nettet sjølvsagt. Donutformer frå USA vart for dyre, så vi kjøpte dei frå England. Rundt 150 kroner for formene vart betalt med kredittkort. Vel to veker etter fekk vi dei i posten.

Formene synte seg å vera avgjerande for å fullføre bakinga. Røra var omtrent som flytande vaffelrøre. Dette er ikkje norske brunsvidde smultringar. Vi steikte 39 muffinsaktige donuts og delte med glade naboar. For å gjera verket komplett, pynta vi med rosa melisglasur og kakedryss.
Dei smakte nydeleg til kaffi – eller mjølk. Smelt i munnen.

Den idylliske historien illustrerer på same tid korleis vår store planet på mange måtar har krympa. Handel og transport av varer over lange strekningar har vorte så daglegdags at vi ikkje reflekterer over det. Dette er likevel ein liten refleksjon.

Pakka med donutsmixen var kjøpt inn i USA, og brukte to veker over Atlanteren. Formene vi trengte for å realisere gåva vart også kjøpt utanlands og frakta hit. Det er så enkelt. Nokre tastetrykk, eit kredittkort, så er handelen gjort. Og no når eg reflekterer over dette medan eg skriv, går det opp for meg at vi ikkje sjekka etter smultringformer i Norge i det heile tatt. Då vi søkte på nettet var det sjølvsagt at donutsformer måtte hentast frå utlandet. Donuts = utlandet.

Vi snakkar gjerne om kortreist og lokal mat. På same tid krev vi å ha full tilgong til alt vi treng. Pengar har vi nok av. Det vi vil ha, skaffar vi oss. Det var nærare 50.000 ipadder i Norge før dei kom i sal her i landet. Altså var dei skaffa i utlandet. Er det eg vil ha på andre sida av kloden, skaffar eg det.

Frå dette punktet i dette blogginnlegget kan eg gå i ulike retningar. Eg kan hylle kor fantastisk det er å bruke nettet som verdas største kjøpesenter til å skaffa det vi vil. Eller eg kan vera superidealistisk ved å hevde at Norsk er godt. I verste fall kan eg innta rolla som superproteksjonist og byggje opp ein argumentasjon for høge tollmurar og superdyr flyfrakt. For å verne om miljø og norsk landbruk og industri.

Eg veit ikkje. Eg er for glad i donuts at eg orkar eit prinsipielt standpunkt. Ingen krev det av meg heller. Eg vart berre overraska korleis verdshandelen har vorte så triviell og daglegdags for meg som enkeltmenneske.

Ei anna historie er dei to T-skjortene eg kjøpte i ein nettbutikk. Det var surt å betala fleire hundre kroner i toll og importavgift for skjortene. Eg som trudde eg handla i ein norsk butikk.
Berre lureri. Vel, T-skjortene var fine. Donuts-formene i silikon var lure. Og kakene herlege!! Det er alt eg veit.

Nytt motto: Kaker kan være gode over alle grenser!

Dette notatet kjem frå bloggen min kundesørvisnotenno. Les fleire innlegg der.

søndag 9. januar 2011

Litt padde-flat

Nå har eg prøvd Ipad nokre veker. Det er moro å prøve ut ei heilt ny type datamaskin, men eg legg meg ikkje flat av beundring. Ikkje paddeflat i alle fall.

På arbeid er eg med i ei arbeidsgruppe som skal sjå korleis publikasjonane i mediekonsernet kan erobre nye plattformar som lesebrett. Det gjev meg høve til å utforske litt.

Kva kan eg gjera med brettet?
Det er enkelt å laste ned spel og moro å spele, også med saman med andre. Eg har lasta ned den gamle kroneautomaten, ludo og airhockey. Siste appen eg brukte kroner på var ei vekkjerklokke som også kan vera ein lampe. Ein annan app sender eg sms med. Svar får eg på mobilen min.

Bilete er fantastisk på Ipad. Eg ser både på mine eigne og på nyhendebilete.

Film? Youtube filmar og enkle snuttar få min eigen Itunes er enkelt å sjå på. Men korleis sjå DVD-filmar på brettet? Det tok meg litt tid og pengar å finne svaret. Og svaret var eit program som komprimerte filmen i eit format som brettet kunne ta. Det kan ta over ein time å komprimere ein film. Og då har er alle tekstar vekke. Film på Ipad er difor ei neegativ oppleving.

Nett-TV er betre og nyhendefilmar er noko anna. Oppløysinga er til tider dårleg, men streaminga er bra. Sist veke køyrde eg Skienstoget frå Asker. Der oppdaga eg gratis nett. På veg inn til Oslo surfa eg på nettet - og såg nett-TV!

Å lese ordinære nettsider er greit, men litt klønete. Alt vert litt smått dersom heile sida skal tilpassast vindauget. Julaftan kobla vi oss på kyrkjas sitt nettverk, fann bibelen.no og leste juleevangeliet samtidig som presten leste det for oss.

Men så det viktige: Nyhende. Eg leitar ut og utforsker ulike e-aviser og lesebrettaviser. Eg er ikkje imponert over det eg ser. Meir om det i neste blogg.

Apple har skrudd heile paddebruken opp mot Itunes. Så med mindre du nedlastar appar rett ned på brettet, må du altså koble til ei anna maskin for å administrere musikk, bilete og anna innhald. Alt skal gå gjennom Itunes, Apple sitt musikk og oppdateringsprogam. For ikkje å seie butikk.

Apple har utvikla ein forreningsidé rundt sine nye produkt som handlar om monopol, kontroll og stor forteneste. Det er ein grådig forretningsidé som berre kan gjennomførast fordi produkta er innovative og unik. Men altså ikkje sympatisk. Dette er nok det mest kritikkverdige rundt Apples teknologi. Det einaste som kan tvinge dei eplekjekke innovatørane er konkurranse.

Nytt motto: Berørt av ny teknologi

Dette notatet er skrive på min blogg, kundesørvisnotenno. Leit han opp og les fleire innlegg.