mandag 17. januar 2011

Julepresangen som tok kaka


Dette er amerikanske donuts laga ein sundag ettermiddag i ein møblert heim i Asker, Norway. Julepresangen frå USA kunne nytast til kaffi i ei roleg helg. Men sjå, bak kosen synte det seg eit nettverk av internasjonal transport og handel. Dette er historia.

Vi er så heldige at Frida er utvekslingsstudent i California. Som den gode dottera ho er, veit ho at familien heime set pris på merksemd. Så vi fekk julepresangar i posten. I ei av pakkene skjulte det seg donut-mix. Smultringar i halvfabrikat. Ho veit at særleg far og bror er glad i dei amerkanske – og feite – bakervarene.

På vegleiinga vart det tilrådd å lage smultringane i former. Det hadde vi ikkje, men vi fann fort formene. På nettet sjølvsagt. Donutformer frå USA vart for dyre, så vi kjøpte dei frå England. Rundt 150 kroner for formene vart betalt med kredittkort. Vel to veker etter fekk vi dei i posten.

Formene synte seg å vera avgjerande for å fullføre bakinga. Røra var omtrent som flytande vaffelrøre. Dette er ikkje norske brunsvidde smultringar. Vi steikte 39 muffinsaktige donuts og delte med glade naboar. For å gjera verket komplett, pynta vi med rosa melisglasur og kakedryss.
Dei smakte nydeleg til kaffi – eller mjølk. Smelt i munnen.

Den idylliske historien illustrerer på same tid korleis vår store planet på mange måtar har krympa. Handel og transport av varer over lange strekningar har vorte så daglegdags at vi ikkje reflekterer over det. Dette er likevel ein liten refleksjon.

Pakka med donutsmixen var kjøpt inn i USA, og brukte to veker over Atlanteren. Formene vi trengte for å realisere gåva vart også kjøpt utanlands og frakta hit. Det er så enkelt. Nokre tastetrykk, eit kredittkort, så er handelen gjort. Og no når eg reflekterer over dette medan eg skriv, går det opp for meg at vi ikkje sjekka etter smultringformer i Norge i det heile tatt. Då vi søkte på nettet var det sjølvsagt at donutsformer måtte hentast frå utlandet. Donuts = utlandet.

Vi snakkar gjerne om kortreist og lokal mat. På same tid krev vi å ha full tilgong til alt vi treng. Pengar har vi nok av. Det vi vil ha, skaffar vi oss. Det var nærare 50.000 ipadder i Norge før dei kom i sal her i landet. Altså var dei skaffa i utlandet. Er det eg vil ha på andre sida av kloden, skaffar eg det.

Frå dette punktet i dette blogginnlegget kan eg gå i ulike retningar. Eg kan hylle kor fantastisk det er å bruke nettet som verdas største kjøpesenter til å skaffa det vi vil. Eller eg kan vera superidealistisk ved å hevde at Norsk er godt. I verste fall kan eg innta rolla som superproteksjonist og byggje opp ein argumentasjon for høge tollmurar og superdyr flyfrakt. For å verne om miljø og norsk landbruk og industri.

Eg veit ikkje. Eg er for glad i donuts at eg orkar eit prinsipielt standpunkt. Ingen krev det av meg heller. Eg vart berre overraska korleis verdshandelen har vorte så triviell og daglegdags for meg som enkeltmenneske.

Ei anna historie er dei to T-skjortene eg kjøpte i ein nettbutikk. Det var surt å betala fleire hundre kroner i toll og importavgift for skjortene. Eg som trudde eg handla i ein norsk butikk.
Berre lureri. Vel, T-skjortene var fine. Donuts-formene i silikon var lure. Og kakene herlege!! Det er alt eg veit.

Nytt motto: Kaker kan være gode over alle grenser!

Dette notatet kjem frå bloggen min kundesørvisnotenno. Les fleire innlegg der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar