mandag 7. desember 2009

Norges Samle Baner

Denne gongen skal eg skryte av NSB. Heis flagget, det er ikkje ofte. Enkelt oppsummert er det slik: Mister du noko på toget, får du det att.

Både Frida og eg har på kort tida opplevd å miste ting på toget. Ok, «miste» er kanskje ikkje heilt dekkjande. Leggje att og rote vekk kan også brukast.

I løpet av ei veke mista Frida både lommeboka og telefonen sin, ein dyr iphone, på toget. Begge vart tatt vare på og kunne hentast i hittegodsekspedisjonen på Oslo S. Då ho mista lommeboka, ringde NSB før ho oppdaga at pengane var vekke.

Ein morgon på toget synte eg billett, men gløymde å leggje lommeboka attende i veska. Vel ute av toget og på veg nedover Karl Johan går det opp for meg: «Lommeboka!» Passe irritert over å få ein så dårleg start på dagen, travar eg mot jobben min for å ringje NSB.

Ei lommebok er ikkje pengar. Det er eit lite arkiv. Som eg ikkje har råd til å miste. Det er utruleg mykje plunder når lommeboka forsvinn. Og det er for min del ikkje fyrste gong. La meg sjå, det er vel den sjette eller sjuande gongen. Men ho har alltid kome attende. Ikkje alltid med pengar, men vanlegvis med alle papira på plass.

På veg inn døra i Møllergata, ser eg at jeg har eit ubesvart anrop på telefonen. Eg ringjer attende. Konduktøren på toget fortel at han har ringd meg for å fortelje at lommeboka allereie er levert inn på hittegodset.

Utruleg! Før eg har starta arbeidsdagen har eg altså klart å både miste og få att lommeboka mi. Vakta i hittegodsskranken sat med lommeboka i hendene då eg kom. Han hadde ikkje ein gong fått tid til å leggje henne i hyllene.

Nytt slagord: «NSB - når du trur at siste tog har gått»