torsdag 29. november 2012

Fornøyd er den nye lukka

Kaffi. Det er ei lita glede, ei lita lukke. Fint, det. Foto: Kjell Kvamme
Kva er dette kavet etter alt som er større, betre? I små glimt finn eg lukka. Då er eg fornøyd. Eller var det omvendt: I små glimt er eg fornøyd. Då finn eg lukka.

Vårt forbrukarsamfunn er eit slit å leve i. Eg vert dregen med i suget og jakta etter det som er større, betre. I tillegg skal det vera meir av alt. Det er til å grine over.

Det hender at eg tenkjer over kva eg treng - av ting. Eg kjenner på kor fint det ville vore å ha noko. Skøyteski, til dømes. Og stavar som høver til. Ski å skøyte med er dyre. Til skøyting kan eg ikkje bruke mine vanlege langrennstavar. Nei, eg treng lengre stavar. Alt dette er ei lita investering. Sjølv på tilbod, vil det gå med nokre tusenlappar.
Kvifor skøyteski? Eg har fått for meg at det er betre trening, og dessutan er det meir moro å gå på ski på den måten. Kor ofte vil eg bruke slike ski? Nei, vi droppar det spørsmålet og går til eit som er meir interessant: Treng eg skøyteski? Strengt tatt ikkje. Eg kan skøyte med dei skia eg har.

Når eg er komen hit i resonnementet rundt ei ny investering, skjer det noko rart. Eg dreg slutningen at eg er fornøyd med det eg har. Då fokuserer eg på det eg allereie har, ikkje på det eg ikkje har. Då hender det at eg rett og slett kjenner meg litt lukkeleg – for at eg har det eg har. Ikkje berre at eg har det eg har, men at det eg har er utruleg bra.
Ta skia. Dei var nye for to sesongar sidan. Dei glir betre enn dei gamle. Dei har betre lengde, er lettare å smøre. Dessutan er bindingane gode. Alt gjev meg gode turopplevingar, og det er ei lukke.
(Biletet: Eg er fornøyd med at kona har laga kaffi som eg drikk medan eg skriv dette)

Ole Paus sa «Vi har alt, men det er også alt vi har». Betre kan det ikkje seiast at noko manglar. Vi manglar evna til å sjå rikdomen i det vi har. Dei gongane eg klarer det, er eg fornøyd.

Å vera fornøyd er ein tilstand der eg kjenner meg glad og takknemleg. Eg finn at eg er tilstades i notida, ikkje i draumar som tek meg til ein annan stad, ikkje i det misfornøyde, men i det fornøyde. I den gode kjensla av å vera lukkeleg.

Lukka er altså ikkje ein annan stad. Ho er i det eg har, der eg er.
(Hmmm....burde eg gjort nokre andre resonnement rundt dette? Nei, dei er gode nok. Eg er fornøyd med dei eg har gjort)

Nytt motto: Fylt femti – flirande, feit og fornøyd.