fredag 9. oktober 2009

Dei sletta bloggen min

Ein dag var bloggen min vekke. Sletta. Google, som administrerer han, meldte om «suspicious activity» på Google-kontoen min. ??? Men eg fekk aldri svar på kva det var. Og så var han brått attende. Tada!!

Mine paranoide tendensar har sjølvsagt blomstra dei vekene bloggen har vore «sletta». Verten for ein blogg om dårleg kundesørvis stengjer meg ute. Det er dårleg kundesørvis! Eg tenkte: «Var det noko dei ikkje likte?». Hadde eg «violated» reglane og brukt stygt språk og vulgære uttrykk? Likte Google rett og slett dårleg at jeg skriv kritisk om store verksemder – som dei sjølve?

Eg veit ikkje. Det eg veit at dei aldri svarte på mailen min der eg spurde om kva som var problemet. Eg veit også at dei truleg les denne teksten sidan eg har omtalt selskapet og brukt Google i teksten. Google, Google, Google. Slik. Der fekk dei fleire grunnar til å lese teksten.

Kanskje dei vert irritert over denne kritikken og stengjer bloggen ein gong til. «Suspicious activity», rett og slett.

Nei, dette var berre dumt. Dårleg kundesørvis, Google.

Men så har eg lærd ein ting: Frå og med no tek eg kopi av alle tekstane.

Nytt slagord: «Goorgla og spytta ut att»