lørdag 18. april 2009

Svigerfars kundeservice

Svigermødre har eit dårleg rykte. Mi svigermor lever ikkje opp til det, langt i frå. Svigerfedre har ikkje noko rykte. Dei burde hatt verdas beste rykte dersom min eigen svigerfar set standarden. Han driv personleg frivillighetssentral for familien.

Dagfinn Sæther er pensjonist. Men det er berre på papiret. Knapt nok. Heile livet har han gitt til kristent organisasjonsliv og kyrkje. Men i sjela er han ein håndverkar. Ein svært praktisk mann som heile familien nyt godt av. Eg mistenkjer han for å ha skaffa seg fire born for at pensjonisttida ikkje skulle verta keisam.

Siste bidraget hans i heimen vår var å montere ein taklampe i entreen. Tidlegare har han montert lamper, sett opp lister, skillevegg, montert vindaugo og gjort ein haug med ting som ville kosta oss ein formue dersom vi skulle hyra ein profesjonell handverkar. 

På toppen kjem den tida vi sparer dersom eg sjølv skulle gått i gong med ting. Eg er ikkje verdas mest praktiske, eller raskaste, kan du seie. Då han skulle setje opp skillevegg i barnas soverom, var eg håndlangar. Eg klarte nesten ikkje halde tritt med han og var ganske sliten etter arbeidsøkta. Snakk om turbo!

Hjå svogeren min har han bygd eit tilbygg på to etasjar. Inga oppgåve er for liten. Det trengs berre litt lenger prosjektering. 

Dagfinn set strenge krav til korleis han vert handsama som kunde, men lever sjølv opp til sine eigne krav når han yter service til andre. Svigerfars kundeservice er den aller beste.

NYTT SLAGORD: «Svigerfar - alltid beredt»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar