mandag 20. juli 2009

Norges Statsbavianar

NSB kasta nyleg ein 27 år gammal mann med multippel sklerose (MS) av toget på Voss fordi han var «ein risiko», i fylgje Bergensavisen. I all sin dårlege kundeservice er det fyrste gongen eg har høyrd at statsbanene handsamar passasjerane sine omsynslaust.

Truleg visste konduktøren ingenting om sjukdomen, men det er ingen orsaking for å vera dum. Eller vera redd for å få ansvar for ein akutt sjuk person på toget.

Multippel sklerose (MS) er ein sjukdom som veldig mange nordmenn har, og som dei klarar å leve med. Kona mi er ein av dei.

Betente nervetrådar i sentralnervesystemet fører til at at ein tapar kontroll over musklar i større og mindre grad. Slik rammar MS. Men det er ikkje akutt, og dei fleste som har sjukdomen klarar seg sjølve, sjølv om dei er hemma.

Det er ei alvorleg krenking av eit menneske å verta avvist på eit offentleg transportmiddel når ein ikkje er risiko for seg sjølv eller andre. For når vart rørslehemma ein risiko? MS er heller ikkje smittsamt.

Det er NSBs konduktør som er ein risiko. Og no skal eg vera litt stygg: Det er ikkje alltid dei skarpaste knivane i skuffa som er konduktørar hjå landets statsbaner. Treninga i å ta seg av passasjerane er ikkje den grundigaste.

I ei anna servicebedrift ville konduktøren av Bergenstoget fått sparken for «ubetenksomhet i tjenesten».

Truleg skjer det ingenting – verken med han eller statsbanene.

Nytt slagord: «Ja, da var det helseattesten, takk» 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar