mandag 3. august 2009

Middagen er servert

I vår var både kona mi og sonen vår sjuke. Det var tungt. Samtidig fekk vi hjelp frå vener, naboar og familie. Uvurderleg hjelp. Og god mat!

I dei tyngste periodane kjente eg det som om eg brukte heile døgnet på familien. Eg vart sliten. Det forsto folk rundt meg, og dei spurde kva dei kunne gjera for oss. Det var ikkje heilt lett å svare på til å byrje med. 

«Lag ein ekstra porsjon middag», svarte eg etter å ha tenkt meg om. Å laga varm mat kvar dag på toppen av det andre vart eit stort prosjekt. Middag skal planleggjast, kjøpast inn til og lagast. Kunne eg verta avlasta med middagslaginga, ville eg spare mykje krefter. Dessutan var det ei avgrensa og overkomeleg oppgåve. Middag skal ein likevel lage.

Eg trur vi fekk 10 ferdige middagar! Det var berre å varme rettane, koke ris, poteter eller spaghetti og smelle det på bordet. Enkelte gonger gjorde eg ikkje det ein gong. Naboane over oss leverte full pakke på døra - rett på bordet. 

Heis flagget for Anne-Kristine og Geir Magne Merkesvik (naboar) og for Gerd Robsahm Kjørven med ektefelle Håvard Sporastøyl, og for Helen og Terje Myra!
Svoger og svigerinne Mie og Dago kom på døra og laga taco in house.
Søstera mi Ingeborg kom to helger og var «husmorvikar» - laga mat, vaska klede, vaska hus og tok seg av oss. Mor mi, Margrete, var hjå oss to veker og hjelpte til med husarbeid. Ikkje minst middagslaging.

«Det må vera Gud!», sa ein ven då han høyrde om venetenestene. Ja, eg utelukkar ikkje det.
«Kvardagsdiakoni», sa ei venninne. Og det er det så definitivt.

Det fylgjer mykje velsigning i å ta i mot hjelp når ein treng det. Eg må berre fortrengje det stolte i meg fyrst. For det er ikkje alltid like lett å ta i mot hjelp. Av eiga erfaring veit eg også at det er godt å hjelpe. Det er mykje velsigning i det også. Difor skal ein ikkje hindre folk i å hjelpe. 

Vi veit at mange har bedt for oss som familie i ei vanskeleg tid som varte frå oktober til slutten av juni. Det er også ei god veneteneste. Og eg trur bønene er høyrde. Sommaren har vore lettare på alle måtar. 

Takk alle saman. For all «kundesørvis». Takk.

Nytt slagord: «Det finst alltid hjelp å få»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar