onsdag 27. juli 2011

Kva om han var muslim?

Vi hatar massemordaren, men vi beherskar hatet. I gatene er det ikkje berre kjærleik.

Muslimar i Noreg fekk slengt hatefulle kommentarar etter seg like etter bombeåtaket, før nokon visste kven gjerningsmannen var. Og eg tenkte tanken: Er dette eit jihadåtak, kjem muslimar til å få det ille i dette landet. Muslimar frykta sjølv det same seier fleire av dei til mi eiga avis, Vårt Land, no etterpå. Landet som dei kom til for å kjenne seg trygge, ville ha vorte utrygt.

No er dei letta. Mordaren var ingen muslim. Og vi står att, overraska. For i sorga over alle som mista livet, er det også ei sorg over at han er ein av oss. Ein av våre eigne. Ein ektefødd nordmann. Brått er dei opplagte fiendebileta ikkje så opplagte lenger.

(Biletet: Med utsikt til Utøya legg folk ned blomster og tek bilete tysdag 26. juli, tre dagar etter massakren)

Verdspressa skryt over at vi møter valden med ro, samhald og omtanke. Det er flott. Det vitnar om kvalitetar i oss nordmenn. Men kanskje er vi så rolege fordi vi er så fullstendig overrumpla av ein svikar. Forræderiet er så overveldande.
Kva om det hadde vore ein ekstrem islamist? Ville vi klart å møte hans ugjerningar på same måten? Eg fryktar at hatet ville kome ut som skrik om hemn. Eg ser for meg at mange uskuldige muslimar ville kome til å lida.

Vi kjenner ikkje oss sjølve som eit spesielt overberande og forsonleg folk. Tvert i mot. Alle dei smålege nabokranglane fortel noko anna.
Men ingenting er betre om vi får eit anna bilete av oss sjølve, som fredsæle, forsonande og omtenksomme og klarar å leve opp til det biletet. AUF-ar Helle Gannestads ord om kor mykje kjærleik vi kan skape saman, er ein god retningsvisar. Retorikkprofessor Kjell Lars Berge kallar det ein ny leveregel for oss.

Eg vonar vi kan klare å halde fast på han.
Samtidig som vi knuser gamle fiendebilete.

Nytt motto: "Kyss ein fiende før du døyr"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar