mandag 16. april 2012

Ideologi for retten

Etter fyrste dag i terrorettsaka ligg det ei forventning om at ikkje berre terroristen skal få domen sin, men også ideologien som fekk han til å drepe.

Gjennom dagen har eg fylgd med i korte glimt på nettet og på NTB. Dagsrevyen var utvida med ein halv time, men etter 35 minutt fekk eg nok av Noregs viktigaste nyhendesending. Etter at journalistane for tredje gong spurde om kvifor terroristen gret, var det slutt. Det skjer ei meiningslaus graving etter meining i alle detaljar. Kanskje er det også ei graving etter noko anna.

Eg trur ikkje det er det store omfanget som skapar medieinteressa. Eg trur det også er noko som ikkje er sett ord på. Som kanskje få er medvitne om, men som ligg i lufta. Ei forventning om noko meir enn at terroristen får straff for ugjerningane sine.

Han får ikkje dom for haldningane sine. Han får dom for det han har gjort. Det er slik rettssamfunnet er og skal vera. Samtidig trur eg det er ei forventning om at ideologien skal eksponerast, tiltalast og få domen sin. Eg trur det skjedde noko etter at den andre psykiatrirapporten kom, den som sa det vi alle vona: At han er tilrekneleg og kan dømast til fengselstraff. Det gjev eit høve til å ta han på alvor, også ideologisk. Det han skriv i manifestet og kommuniserer i propagandafilmen er ikkje lenger forvirra tankar frå eit sjukt sinn. Det er medvitne refleksjonar som vert nytta til onde handlinger. Det kan vi ikkje berre handsame som noko sjukt, men må ta det på alvor.

Eg skjønar godt kvifor Fjordman vegrer seg for å vitne i retten. Han kan fort kome til å kjenne på at det er han som er tiltalt – for ideane sine. Det er ikkje rart at han har sterk trong til å distansere seg frå ein som deler ideane, men som drep menneske. Men terroristen er ikkje åleine om å tenkje ekstreme tankar om at Europa er i ferd med å verta invadert av muslimar og islam. Fjordman er ein av premissleverandørane, og det er mange som har same ideologien. Enkelte støttar faktisk terroristens handlingar.

Personen med brukarnamnet anitacheesecake publiserte terroristens propagandavideo på YouTube ein månad etter attentatet – og støttar drapa. Slik svarar ho (eller han?) dei som ikkje forstår kvifor terroristen ramma uskuldig på Utøya: «....by the way, nope, they were not innocent. they were people between 16-25 years old attending a multi-cultural marxist party's camping event-----that's the people that allows muslims and niggers flood countries all over europe. they were traitors.»

Det er skremmande. Det er primitivt. Det er banalt. Det er farleg. Korleis skal ein få tatt eit oppgjer med slikt? I rettssaka er det kalt inn mange vitne. Eg trur journalistane vonar at nokon av vitna i skarpe ordelag og med stor tyngde skal felle ein dom over ideologien. Slik at ikkje berre terroristen skal rotne i fengsel, men slik at ideologien i alt sitt ynkelege, smålege og menneskefiendtlege vesen får ein dom.

Det kan skje. Men det sperrer ikkje tankane inne til livsvarig soning.

Nytt motto: Tankar har inga strammeramme

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar