tirsdag 17. april 2012

Hevn vil hevne seg

Det beste ville vore om terroristen vart drept på Utøya sa Hanne Nabintu Herland. Det ville spart samfunnet for mykje. Det har ho rett i.

Det vert likevel ikke rett av den grunn.
Når terroristen nå står for retten, vert mange sår rivne opp att. Særleg når han utan å blunke hevdar at AUF-ungdomane var skuldige i sin eigen død. Må vi tåle at han både drep og får framføre sine grusomme ideer? Emosjonelt kjenner eg på at rettssaka forsterkar uretten som vart utført 22. juli. I fornuften veit eg noko anna. Rettssaken har nettopp starta. Han kjem til å få sin dom. Men uretten kjem aldri til å verta retta opp att.

I dag måtte meddommer Thomas Midtbø trekkje seg fordi han 23. juli i eit kommentarfelt skreiv at terroristen fortener dødsstraff. Både han og Nabintu Herland set ord på det vi kjenner på. Han fortener å dø. Han skulle vore drepen.
Det er slik hevnen ordlegg seg.
Det er freistande å påstå at hevntanken har hevna seg på begge.

Men hevnen ligg like under overflata hjå oss alle. Når vi har klart å undertrykkje han og møte terrorens urett med ikkje-vald og fred, er det teikn på at vi har ein styrke som ber lenger enn valden.
Det er sivilisasjon som møter det usiviliserte.
Det er det utvikla som møter det underutvikla og primitive.
Det er mangfaldet som møter einfaldet.

Vissa at vi gjer det rette ut frå prinsipp som staten og samfunnet byggjer på, demper ikkje smerta. Det plastrar ikkje sår. Men det kan hjelpe oss å heve oss over terroristen og nivået hans. Det distanserer oss frå totalitære idear, og på lang sikt styrkjer det verdiane som vi veit er rette.

At Hanne Nabintu Herland avslører primitive instinkt bak ein tilsynelatande intellektuell fasade er inga krise. Det er absolutt til å leve med. Ho er ingen moralsk premissleverandør i vårt samfunn og kjem aldri til å verta det, sjølv om ho får fyrstesida i Dagen. Om hevntanken hadde vore meir framtredande i korleis vi handsamar terroristen, hadde vi ikkje vore betre enn han.
Det må vi som borgarar av det norske samfunnet vera, og det vi skal prove i rettssaka.
Det vert lagt merke til i resten av verda.

Nytt motto: Nei, dette vart for vanskeleg å lage motto om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar