mandag 23. mars 2009

Norges Stankbaner

På toget fra Asker til Bergen er eitt av to toalett i vogna stengd. Det sprer seg etterkvart ei rar lukt i kupeen. Kva er det? Søtleg aroma, litt eikesmak, ein tøtsj av jord ... Altså urin. Litt ubehageleg når turen er på 7 timar. Dermed vert begge toaletta stengd. I staden for to opne toalett og ingen tisselukt - eller 1 ope toalett og lukt - 2 stengde toalett og tisselukt. 
Beklage, forklare? Nei, ikkje NSB. 

NYTT SLAGORD: «Tog er miljøvenleg. Du kjenner det på lukta»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar