tirsdag 24. mars 2009

Norges Stappede baner

Det er fint å køyre tog. Ingen tvil. Men det er trangt. 

På Spikkestadbana vart dei nyaste vognene sett inn då NSB kjøpte nye tog for  seks år sidan. Dei såg fine ut. Dei var nye. Sete med grøne trekk. Aircondition. Store toalett som funksjonshemma lett kjem til. 

Alt vel? Ikkje heilt. Vi passasjerane kom tettare på kvarandre. Det var trangt rett og slett. Så forstod eg kva som hadde skjedd. Vognene var litt smalare. Setene var litt smalare, og dei sto tettare etter kvarandre. 
Jernbaneselskapet hadde altså nytta høvet å stappe fleire passasjerar inn i toga. 

Men det er vel fint? At fleire får plass – og kanskje sitjeplass? Når ubehaget ved å sitje skvisa mellom to andre passasjerar er for stort, tenkjer eg ikkje på at det (kanskje) er færre som står.
Pendlarar gjer to ting på toga: Les eller søv. Pratar med naboen, men berre kanskje. Og helst ikkje om morgonen. I dei gamle vognene var seta litt bakoverlente slik at ein kunne kvile hovudet og ta ein lur. Det er nesten umogeleg i dei nye vognene. Seteryggen er så bratt at det ikkje går å kvile hovudet. 

NSB skryt no av at dei kjøper inn nye vogner og pusser opp dei gamle inni. Klarer dei ikkje å få eit minimum av komfort på plass, hjelper det ikkje om det er plass til passasjerane. Å køyre tog vert ikkje ei god oppleving. 

Men når vart passasjerane det viktigaste for NSB?

NYTT SLAGORD: «Ver glad for at du får vera med – hjå NSB»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar