torsdag 26. mars 2009

Fosterstillinga er ei krevande stilling

Har fostre krav på kundeservice?

«Ut fra ungens beste vil null inntak av metadon og subutex være det beste for ungen i svangerskapet».
Dette sa assisterende overjordmor Liv Trønnes ved Ullevål universitetssykehus då det på Dagsnytt Atten i dag vart diskutert om rusavhengige mødre kan gå på desse ruserstattande midla medan dei er gravide. Barn av mødre som går på midla lir av seinskader og abstinenser.

La meg sjå vekk frå overjordmora sitt språklege krumspring («Ut fra ungens beste vil noe være det beste for ungen») og sjå på utgongspunktet: Ungens beste. 
Det er ei etisk og moralsk vurdering.  Her finst det altså noko som er normgivande for korleis fosteret vert handsama.

Dersom fosteret er kunde, kva har det då å bestille? Fosteret har det som dei fleste i Den norske kyrkja: Dei har ikkje bedt om å verta medlemer. Men sidan dei eingong har byrja å spira i mora sin kropp, har dei vorte kundar mot sin vilje. Som kundar kan dei krevje kundeservice. 

Det fine er at det er nokon som tek på seg ansvaret for at dei får kundeservice, altså «ungens beste». Rett og slett fordi fosteret – som kundar elles – har rettar. Og det blott ut frå at det eksisterer. Helsepersonell som fru Trønnes tek rolla som fosterets forbrukarombod som passer på at mødrene gjev kundeservice. Nokre gonger er slike som fru Trønnes kundeservice sjølv.

Flotte greier. Fosteret er kunde hjå si eiga mor.
Men så til det vanskelege: Dersom vi kjøper denne måten å betrakta fosterets stilling (fosterstillinga, kan du seie) som kunde, kjem vi ikkje unna det vanskelege spørsmålet om kva rettar det har kring det vanskelege ordet: Abort. 

Tøtchy sak. Og eg skal ikkje gå langt inn i det. Berre fastslå – frå ein kundeservice-synsvinkel – at det kvart år er rundt 15 000 foster som ikkje får kundeservice.

Absolutt noko å klage på.

NYTT SLAGORD: «Navlen er streng»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar