mandag 23. mars 2009

Kjøpte Packard Bell

– Hallo. Sonen min har kjøpt ei Packard-Bell-datamaskin, men får ikkje web-kameraet til å fungere. Eg lurte på ...
– Da måste du (svensk) ringe support for Packard Bell. Du har ringt support for Acer.
– ???? Unnskyld, eg trudde...
(Ny telefon til Packard Bell Nordens kontor på Fornebu)
– Det er Acer.
– Eg trudde eg ringde Packard Bell?
– Acer har kjøpt Packard Bell.
– Javel ... Sonen min har også kjøpt Packard Bell, ein bærbar, altså
– Da må du ringe support til Packard Bell, 21 55 46 35.
– Men det ringde eg nettopp! Kan det vera ein tekniker som ikkje har fått med seg at han også skal svare for Packard Bell?
– Da må du ha ringt feil nummer.
– Eg veit kva nummer eg har ringd.
(Pause)
– Da må det være en tekniker som har misforstått.

(Dette er andre gongen vi ringjer support for Packard Bell. Fyrste gong var for 4 dager sidan. Acer har altså kjøpt opp Packard Bell i helga. Fort gjort å handle for tida - enten det er datamaskin eller dataselskap)

NYTT SLAGORD: «Bjellene mine ringjer for Packard Bell ... eller Acer»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar