lørdag 28. mars 2009

Far=kundeservice

Vert du far eller mor, skal du vera budd på  å yte kundeservice. Resten av livet.

I dag har eg ytt mitt. Fyrst var det å køyre dotter Frida til fotballkamp. Under kampen var eg tilskodar. (Tapte 1-0). Deretter brukte eg to og ein halv time i den lokale symjehallen til å vera tilskodar og fylgje til min kjære son, Johannes, og kameraten som var på vanndisco. Ein laurdag kveld. Inni mellom var det handling og matlaging. Ikkje alle helger er det slik. Langt i frå. 

I andre kulturar, men også i gamal norsk tid, avla ein barn for at avkomma skulle yte sitt for at familien skulle overleve. I dag er det snudd heilt på hovudet. Frå fyrste stund er det foreldreservice. Vi kan ikkje kreve noko attende. 

Men vi får det likevel. Ofte ufortent. Slik sett kan du seie at relasjonen foreldre-barn er ei gjensidig kundeservice. Eg hadde ingen aning om at det skulle vera så fint å vera far. Eller at det skulle koma stunder der det var så vanskeleg. Og i enkelte gylne augneblinkar er det payback-time. 

Åremålsdagen min sist veke var full lønningsdag for meg som far. I vår familie er det fast rituale at gebursdagsbarnet får servering og gåver på senga. Eg trudde ikkje at dette skulle oppfyllast denne dagen, sidan regissøren sjølv (mor i huset) var vekke. Der tok eg stygt feil.

Tidleg banka det på døra. Inn kjem Frida med eit brett som inneheld te, saft, lys, boller og kort. Kva byr du meg? Eg streva med å få søvnen ut av augo og var lenge usikker på om eg drøymde. Begge hadde laga kort til meg. Johannes hadde laga eit forseggjort kort med kort i kortet.  Det låg det mykje arbeid bak. Frida hadde brukt mest tid på teksten. På slutten skriv ho: «… men viktigst av alt: Du er der for oss og du har din egen evne til å gjøre sånn at vi aldri føler oss glemt eller for lite verdsatt».

Ei veke etter er det framleis vanskeleg å lese desse orda utan å verta våt i augo. Så var ikkje all kundeservicen heilt forgjeves.

NYTT SLAGORD: «Kundeservice, det er Kjell, det»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar