onsdag 25. mars 2009

Betal slik vi vil

Med kredittkort for å kjøpe gavekort kom eg fort til kort.

Scene frå ekspedisjonen til Universal Presentkort i Oslo i dag.
Eg skal kjøpe to gavekort og dreg jobbb-kredittkortet mitt for å betale.
– «Ukjent korttype» står det her?
– Er det kredittkort?
– Ja ...
– Det tar vi ikke.
– Men då må eg leggje ut sjølv og få attende pengane frå arbeidsgivaren min …
– Vi har bare én type betalingsterminal.
– Men bør de ikkje ordne det slik at kundar kan få betale på den måten?
(Ikkje noko svar frå andre sida av skranken. Eg prøver ein gong til):
Har de vurdert å la kunder få betale med kredittkort?
– Da må vi ha to typer betalingsterminaler.
– Ja ... ?
– Det har vi ikke råd til. Det er ikke mange som spør etter det heller. Bedrifter bestiller over internett.

Nei, då so ...

NYTT SLAGORD: «Betal present. Slik vi vil»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar