torsdag 26. mars 2009

Help! Desk?

Har du problem med telefonen, ikkje ring etter hjelp.

I konsernet der eg arbeidar har it-avdelingen oppretta «helpdesk» på intranettet. Kvar gong eg treng data-hjelp, må eg sende inn ei melding til helpdesk, så får eg melding attende når problemet er fiksa.

På it-avdelinga er det snille folk. Kanskje dei snillaste som finst i ni etasjar. Men dei er altfor få og arbeider seg i hel. Helpdesken oppretta dei for å overleve. Men overlever vi? Barely.

Når du leverer inn helpdeskmelding må du også signalisere kor mykje det hastar. Graden går frå «irriterande» til «hindrer arbeidet». Dersom noko «hindrer arbeidet» er det alvorleg.

I dag sende eg to meldinger til helpdesk.
Fyrste handal om at telefonen min ikkje virka. Vi har elektronisk telefon gjennom datamaskina. Statusen sette eg til «irriterende». Andre meldinga handla om at eg ikkje fekk brukt eit dataverktøy til å utføre viktig arbeid. Statusen for denne sette eg til «hindrer arbeidet». 

Etter nærare ein time fortel ein kollega at ein viktig produksjonsprogram ikkje virkar. Det er meld til helpdesk, men ingen reagerer. Då møter eg personleg opp på it-avdelinga tre etasjar lenger ned.

Der viser det seg at heile avdelinga har hatt møte og ikkje har sett meldingane på helpdesk.
– Kvifor ringde du ikkje, spør it-konsulenten?
– Fordi telefonen ikkje virka … (!)

NYTT SLAGORD: «Helpdesk doesn´t help you at the desk»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar