mandag 23. mars 2009

SIBA gir deg ikkje råd

(Den svenske elektronikk-gigantens slagord er «Siba gir deg råd»)

Ringjer Siba kundeservice.
– Sonen min har kjøpt ein FujitsuSiemens datamaskin, men skjermoppdateringa er ikkje bra. Vi har lasta ned oppdaterte drivarar som ekspeditør Janne på Liertoppen oppfordra oss til. Men skjermen er likevel dårleg når han skal køyre spel på maskina.
– Jaha. Det kan jeg ikke gi deg noe svar på. Jeg kan skrive en melding til ekspeditøren og be henne ringe deg.
– Men kan du ikkje berre setje over til butikken slik at eg kan snakke med henne?
– Nei, det kan vi ikkje.
– Så eg må vente til Siba ringjer meg opp att?
– Ja.
– Men eg er kunde, eg har ikkje lyst til å vente på hjelp når eg treng ho no.
– Det er slik det er.
– Kor fort ringjer dei?
– Det veit eg ikkje.
– Eg kan ikkje vente her ved datamaskina i timesvis? Eg forventar at de ringjer innan 20 minutt.
– Det kan eg ikkje love.
– Men det forventar eg.

Siba kanaliserer alle kundetelefonar til kundeservice. Kan dei ikkje hjelpe, legg dei ei melding hjå ekspeditøren, som hjelper når ho eller han kan. 
Siba hjelper ikkje kundane når kunden treng hjelp. Dei hjelper når dei har tid til å gje hjelp. 
Fantastisk policy!!!

Historien held fram: Siba konstaterer til slutt at det er feil ved maskina, og vi får levert ho inn att. Meir framhald finn du då vi kjøpte ny maskin hjå Siba (sjå blogg under: Kjøpte Packard Bell).
Kvifor held vi fram med å handle hjå Siba når det er så dårleg kundeservice? Prisen ....

NYTT SLAGORD: «Du får alltid svar – ein gong»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar