tirsdag 24. mars 2009

Norges Statiske baner

«NSB frykter flere passasjerer», skriv Aftenposten på nett i dag. 

Det handlar om eit forslag til prissamarbeid med Ruter slik at fleire vil kome til å køyre tog. Og det likar ikkje NSB. Dei har ikkje kapasitet til å ta unna populariteten før i 2012, altså om tre år.

Folk vil reise miljøvenleg, men det nasjonale togtransportselskapet har ikkje vogner eller skinner. Annleislandet Norge? Nei, bakvendtlandet.

Folket vil køyre tog, men folkets folkevalde har ikkje satsa på tog før i år. Folket får det vi har bedt om, og vi har ikkje bedt om tog. Før no. Og til hausten er det val att. Kva parti tek oss inn i framtida på skinner? Det er eit av dei viktige spørsmåla i valkampen.

I mellomtida vil Det nasjonale togselskapet helst ikkje sjå fleire passasjerar. Eit forslag til kva dei kunne sagt: «Vi har eigentleg ikkje nok kapasitet til å ta imot fleire passasjerar, men vi vil gjera vårt beste». Det hadde gått an å tru på.

NYTT SLAGORD: «Verda går framover. Men ikkje på skinner»

1 kommentar:

  1. NSB prøver å slukke brann på sine hjemmesider:

    http://www.nsb.no/om_nsb/aktuelt/nsb-oensker-flere-passasjerer-article31978-2707.html

    SvarSlett