onsdag 26. mai 2010

Lyst til å bli utbytta?

Når forsikringsselskapet mitt fortel at dei vil betala meg pengar, så er det ikkje til å tru. Nesten tusen kroner frå Gjensidige fordi 2009 var eit godt år. Kjempesmart trekk når ein skal auke kundelojaliteten. Men sjå om ikkje det er ein aldri så liten, lur slange i Paris.

Eg har vore ein lojal kunde for selskapet i mange år, og dei har har utbetalt meg erstatninger fleire gonger. Så vi har eit likeverdig forhold, Gjensidige og meg. Difor var det ekstra fint å få stadfesta vår relasjon i den hyggelege e-posten som fortalde at eg skulle få min del av dei 1,2 milliardane i utbytte som skulle delast ut til kundane.

Ved å klikke på ei lenke skulle eg gå inn på «Din side» og stadfeste bankkontonummeret, og så var alt i orden. Eg dura inn på nettsida. Men i staden for å finne ei nettside der eg kunne stadfeste kontonummeret, kom eg til ei side der eg skulle samtykke i at alle avtalar og brev skulle formidlast til meg elektronisk.

Det har eg ikkje lyst til – delvis fordi papir hjelper meg å hugse å betale rekningane. Og delvis fordi eg protesterer mot den store elektronifiseringa som brer seg. Som Telenor, som krev 30 kroner i gebyr for å sende ut papir. Det er ei av dei verkeleg frekke avgiftene i samfunnet.

Så der sat eg og ikkje ville samtykke. Det må vel også vera ei val? Eg freista å klikke meg vidare, men kom attende til den same, evinnelege samtykkesida. Til slutt gav eg etter, klikka på samtykkeknappen og vart tatt vidare til kontonummeret mitt.

Det kallar eg kundesørvis! Fyrst ei ordentleg gladmelding og deretter grov utbytting av gleda.

(e-post sendt 26. mai 2010)
Kjære herr Helge Leiro Baastad, konsernsjef i Gjensidige Forsikring BA.
Eg likar ikkje å verta lurt. Eg kjenner meg lurt av Gjensidige. Eg ynskjer ikkje å motta dokument frå selskapet ditt elektronisk, men vart tvungen til å samtykke i dette for å stadfeste at eg gjerne vil motta utbytte for 2009 på bankkontonummeret som du allereie veit at eg har.

Takk for utbyttet. Ikkje utbytt kundane dine og lur dei på denne måten.
Du kunne gitt meg eit val om å samtykke eller ikkje. Det fekk eg ikkje. Det fann eg ikkje.
Går du inn på Din side, registrert på meg, vil du sjå at eg til slutt fann ut korleis eg kunne slå av samtykkinga att.

Helsing Kjell Kvamme
trufast kunde

PS. Eg reknar med at eg med dette innlegget ikkje er med i trekninga på reisegåvekort på kr. 10.000. Lukke på reisa!

Nytt motto: «Gratulerer med utbyttet! Det er på vår side»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar