onsdag 10. februar 2010

Dyrt å vaske bil no om dagen

Dette er historien om då far køyrde bil med skiboks inn i vaskemaskina. Vi åtvarer mot stygge scener. Og sjå opp for lause delar.

Det er sommar 2009. Eg køyrer med skiboks på taket for å få alt med når vi er på tur. På veg til Hvasser i Tjøme har eg Frida og ei venninne i bilen. Dagen er full av sol og godt humør.
Før vi reiser avstad skal eg berre innom Statoil-stasjonen i Asker for å vaske bilen. Eg kjøper vaskeprogram i kassa og stiller meg i kø utanfor vaskehallen.

Der heng det eit skilt med beskjed om at dei som har skiboks treng å kjøpe eit eige vaskeprogram. Men kva sto det på skiltet? Sto det «bør«, «skal», eller «kan» kjøpe eige program? Hugsar ikkje. Men eg hugsar kva eg tenkte: «Nei, det er sikkert ikkje nødvendig. Taket vert nok reint likevel». Tanken om at noko fatalt kunne skje, streifar meg ikkje på ein dag som er full av sol og godt humør.

Når dei store børstene startar, er eg likevel litt uroleg. Men det ser lenge ut til å gå bra. Brått høyrer vi ein stygg lyd oppe frå taket og eit dunk. Inne i bilen ser vi på kvarandre, men er framleis optimistiske. For dagen er full av sol og god humør.
På veg gjennom lufttørkaren ser eg i speilet at han som står bak oss i kø løftar ein skiboks og legg han ved sida av innkøyringa. Eg kommenterer høgt: «Han er lur han som tek av skiboksen sin». I ettertid høyrest det utruleg dumt, men det gjorde ikkje det på ein dag full av sol og godt humør.

Ute av vaskehallen skal vi studere skiboksen. Det er ingen skiboks på taket!!! Skiboksen som mannen bak hadde lyfta vekk var ikkje hans eigen. Han var vår!!
Vaskebørstene har rive heile skiboksen av taket. På den eine sida har dei rive med seg ei av takbøylene som boksen var festa i. Elles ser det ikkje ille ut, vurderer ein det ut i frå at ein skiboks flagrar av taket inne i ein vaskehall. Nokre småskrammer i lakken. Tverrbøylene er like heile. Det same er sjølve skiboksen. Hell i uhell. Lukke i ulukka. Men like fullt idiotisk.

Det er rart korleis ein dag full av sol og godt humør brått vert full av tunge, mørke skyer – som ikkje klarar å skjule eit pinleg faktum: Det er mi eiga skuld. Det er ingen andre å skulde på. Noko som elles kan gjera alt elende litt lettare å bera.
Eg hadde vorte varsla før eg køyre inn vaskemaskina. Kjepphøg, lat og blenda av ein dag full av sol og godt humør hadde eg ignorert det. Latskapen kosta meg 1300 kroner.
Dyrt å vaske bil no om dagen.

Nytt motto: «Dumskap vert alltid avslørt»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar