mandag 17. januar 2011

Julepresangen som tok kaka


Dette er amerikanske donuts laga ein sundag ettermiddag i ein møblert heim i Asker, Norway. Julepresangen frå USA kunne nytast til kaffi i ei roleg helg. Men sjå, bak kosen synte det seg eit nettverk av internasjonal transport og handel. Dette er historia.

Vi er så heldige at Frida er utvekslingsstudent i California. Som den gode dottera ho er, veit ho at familien heime set pris på merksemd. Så vi fekk julepresangar i posten. I ei av pakkene skjulte det seg donut-mix. Smultringar i halvfabrikat. Ho veit at særleg far og bror er glad i dei amerkanske – og feite – bakervarene.

På vegleiinga vart det tilrådd å lage smultringane i former. Det hadde vi ikkje, men vi fann fort formene. På nettet sjølvsagt. Donutformer frå USA vart for dyre, så vi kjøpte dei frå England. Rundt 150 kroner for formene vart betalt med kredittkort. Vel to veker etter fekk vi dei i posten.

Formene synte seg å vera avgjerande for å fullføre bakinga. Røra var omtrent som flytande vaffelrøre. Dette er ikkje norske brunsvidde smultringar. Vi steikte 39 muffinsaktige donuts og delte med glade naboar. For å gjera verket komplett, pynta vi med rosa melisglasur og kakedryss.
Dei smakte nydeleg til kaffi – eller mjølk. Smelt i munnen.

Den idylliske historien illustrerer på same tid korleis vår store planet på mange måtar har krympa. Handel og transport av varer over lange strekningar har vorte så daglegdags at vi ikkje reflekterer over det. Dette er likevel ein liten refleksjon.

Pakka med donutsmixen var kjøpt inn i USA, og brukte to veker over Atlanteren. Formene vi trengte for å realisere gåva vart også kjøpt utanlands og frakta hit. Det er så enkelt. Nokre tastetrykk, eit kredittkort, så er handelen gjort. Og no når eg reflekterer over dette medan eg skriv, går det opp for meg at vi ikkje sjekka etter smultringformer i Norge i det heile tatt. Då vi søkte på nettet var det sjølvsagt at donutsformer måtte hentast frå utlandet. Donuts = utlandet.

Vi snakkar gjerne om kortreist og lokal mat. På same tid krev vi å ha full tilgong til alt vi treng. Pengar har vi nok av. Det vi vil ha, skaffar vi oss. Det var nærare 50.000 ipadder i Norge før dei kom i sal her i landet. Altså var dei skaffa i utlandet. Er det eg vil ha på andre sida av kloden, skaffar eg det.

Frå dette punktet i dette blogginnlegget kan eg gå i ulike retningar. Eg kan hylle kor fantastisk det er å bruke nettet som verdas største kjøpesenter til å skaffa det vi vil. Eller eg kan vera superidealistisk ved å hevde at Norsk er godt. I verste fall kan eg innta rolla som superproteksjonist og byggje opp ein argumentasjon for høge tollmurar og superdyr flyfrakt. For å verne om miljø og norsk landbruk og industri.

Eg veit ikkje. Eg er for glad i donuts at eg orkar eit prinsipielt standpunkt. Ingen krev det av meg heller. Eg vart berre overraska korleis verdshandelen har vorte så triviell og daglegdags for meg som enkeltmenneske.

Ei anna historie er dei to T-skjortene eg kjøpte i ein nettbutikk. Det var surt å betala fleire hundre kroner i toll og importavgift for skjortene. Eg som trudde eg handla i ein norsk butikk.
Berre lureri. Vel, T-skjortene var fine. Donuts-formene i silikon var lure. Og kakene herlege!! Det er alt eg veit.

Nytt motto: Kaker kan være gode over alle grenser!

Dette notatet kjem frå bloggen min kundesørvisnotenno. Les fleire innlegg der.

søndag 9. januar 2011

Litt padde-flat

Nå har eg prøvd Ipad nokre veker. Det er moro å prøve ut ei heilt ny type datamaskin, men eg legg meg ikkje flat av beundring. Ikkje paddeflat i alle fall.

På arbeid er eg med i ei arbeidsgruppe som skal sjå korleis publikasjonane i mediekonsernet kan erobre nye plattformar som lesebrett. Det gjev meg høve til å utforske litt.

Kva kan eg gjera med brettet?
Det er enkelt å laste ned spel og moro å spele, også med saman med andre. Eg har lasta ned den gamle kroneautomaten, ludo og airhockey. Siste appen eg brukte kroner på var ei vekkjerklokke som også kan vera ein lampe. Ein annan app sender eg sms med. Svar får eg på mobilen min.

Bilete er fantastisk på Ipad. Eg ser både på mine eigne og på nyhendebilete.

Film? Youtube filmar og enkle snuttar få min eigen Itunes er enkelt å sjå på. Men korleis sjå DVD-filmar på brettet? Det tok meg litt tid og pengar å finne svaret. Og svaret var eit program som komprimerte filmen i eit format som brettet kunne ta. Det kan ta over ein time å komprimere ein film. Og då har er alle tekstar vekke. Film på Ipad er difor ei neegativ oppleving.

Nett-TV er betre og nyhendefilmar er noko anna. Oppløysinga er til tider dårleg, men streaminga er bra. Sist veke køyrde eg Skienstoget frå Asker. Der oppdaga eg gratis nett. På veg inn til Oslo surfa eg på nettet - og såg nett-TV!

Å lese ordinære nettsider er greit, men litt klønete. Alt vert litt smått dersom heile sida skal tilpassast vindauget. Julaftan kobla vi oss på kyrkjas sitt nettverk, fann bibelen.no og leste juleevangeliet samtidig som presten leste det for oss.

Men så det viktige: Nyhende. Eg leitar ut og utforsker ulike e-aviser og lesebrettaviser. Eg er ikkje imponert over det eg ser. Meir om det i neste blogg.

Apple har skrudd heile paddebruken opp mot Itunes. Så med mindre du nedlastar appar rett ned på brettet, må du altså koble til ei anna maskin for å administrere musikk, bilete og anna innhald. Alt skal gå gjennom Itunes, Apple sitt musikk og oppdateringsprogam. For ikkje å seie butikk.

Apple har utvikla ein forreningsidé rundt sine nye produkt som handlar om monopol, kontroll og stor forteneste. Det er ein grådig forretningsidé som berre kan gjennomførast fordi produkta er innovative og unik. Men altså ikkje sympatisk. Dette er nok det mest kritikkverdige rundt Apples teknologi. Det einaste som kan tvinge dei eplekjekke innovatørane er konkurranse.

Nytt motto: Berørt av ny teknologi

Dette notatet er skrive på min blogg, kundesørvisnotenno. Leit han opp og les fleire innlegg.

mandag 13. desember 2010

Det papiravisløse samfunn

Stakkars oss som er i avisbransjen. Abonnenter forlater oss. Nå tror vi at lesebrettene skal redde oss. Stakkars oss.

En kollega lurer på hvorfor ikke alle avisledere kaster seg fram og lanserer betalingsavis på brettene fortest mulig. Jeg har hevdet at han har en ukritisk tro på et nytt, uprøvd format. Bring inn kaldt vann, så vi kan tømme det i blod som koker.

Det er godt mulig han har rett, men det vil ta noe tid å finne det ut. Nyheter som ikke er tv er kjedelige greier. Jeg synes det er naivt å tro at folk vil bruke tid på å lese nyheter på en utpreget underholdningsmaskin. Hvorfor skal jeg det når jeg kan se en film, spille spill eller gjøre noe annet moro på en slik dings?

Nei, jeg er jamen ikke sikker på at Ipad og Galaxybrett redder avisbransjen. Vi må selvsagt prøve ut formatet – og gjøre det best mulig – men jeg tror forventningene er urealistiske. Med nettavisene er folk blitt vant til å få nyheter gratis – hvorfor skal de da betale for dem?

Jeg synes det er en morsom tanke at nyheter trykt på døde trær kan få en renessanse. Ok, det er kanskje ønsketenkning, men la oss ta en kikk rundt oss: Det finnes flere og flere som kjøper plater på vinyl og spiller platene på en gammeldags, men likvel moderne, platespiller. Blant fotointeresserte er det enkelte som kjøper gamle kamera med film og går i mørkerommet. Det er ikke gamlingene, men unge som ikke har tatt bilder på film tidligere.

Det er ikke lett å forklare hvorfor noen går retro og velger utdatert teknologi og gamle teknikker. Er det nostalgi, ønsket om å oppleve det autentiske, originale – eller bare ren og skjær nysgjerrighet?

Det jeg vet er at flere medieformat som var dømt til å forsvinne fremdeles eksisterer. Noen er borte, det er ikke til å benekte. Alle lydbåndene – enten på spole, kassett eller dobbeltsporkassett. Video-kassettene, for ikke å snakke om de svære videoplatene som kom før dvd.

En vakker dag, når den siste papiravisen har rullet ut av pressa og blitt plassert på museum, vil noen hevde at det var en tungvint måte å publisere nyheter på. Men selve formatet - papir - var genialt.

Ok, nok tilbakeskuende gammelmannsprat. La oss lage Ipad-avis!

Nytt slagord: «Nyheter vokser ikke på (døde) trær»

mandag 18. oktober 2010

Twitter-tvil

Livredd for ikkje å fylgje med i verda har eg oppretta profil på twitter: @kjellkvamme. For andre grunnar har eg ikkje. Vel, kanskje litt utforskartrong. Litt krampaktig kjenner eg at det er, for kva har eg sjølv å melde?

Designsjef i det store mediekonsernet Conde Nast, John Grimwade, sa det slik på ein konferanse i Oslo nyleg: «Eg har 150 fylgjarar på Twitter, men eg har aldri sendt ein tweet. Eg har ikkje noko å fortelje».
Eg likar folk som seier det rett ut. Svært mange på Twitter melder vidare dei har sett eller høyrd frå andre. Kva er originalt med det?

Journalistar hyller meldingstenesta som eit fantastisk arbeidsreiskap. Utanriksredaktøren i avisa Sydsvenskan sendte ut ei melding for å kome i kontakt med augevitne til jordskjelvet i Chile. Og ho klarte det.
New York Times fortel om ei mordrettssak i Cheshire, Connecticut der reportarar melde live på Twitter frå rettssalen. Haiku-journalistikk kalte ein av reportarane det. Enkelte meiner det er banebrytande live-journalistikk. Med 140 teikn i gamal telegramstil nådde avisene nye lesarar.
Men i iveren etter å vera fyrst gjekk detaljerte vitneprov om blod og vald rett ut. Kritikarar meiner rettssaka vart underhaldning og roper på redaktørane.

Eg er journalist, og kanskje er det difor eg tykkjer Twitter no er interessant. Men er Twitter berre ein reiskap for påvirkarar som vil at vi i mediene skal skriva om dei, eller ein reiskap for oss i mediene som vil at mediepåverkarane skal lesa oss?

Dette funderer eg på som ny Twitter-brukar. Og førebels har eg ingenting å melde.

Nytt slagord: «There are no news today» (Melding på nyhetssendinga til BBC i «gamle dagar»).

lørdag 18. september 2010

Dagen derpå

Min gamle arbeidsplass Dagen (snart 30 år sidan!) har sendt eigen korrespondent til Israel. Det er berre eitt problem: Han kan ikkje språket. Det får John Solsvik pepper for.

Dagen har alltid kritisert andre medier for å vera pro-palestinske. Særleg NRK sine korrespondentar i Midt-Austen har fått gjennomgå. Mi eiga avis, Vårt Land, har også fått kjeft for at vi ikkje er Israelsvenlege nok.

No har Dagen hatt kampanje for å samle inn penger til ein eigen korrespondent i Jerusalem. På sine nettsider har dei hatt ei annonse med teksten «Skal vi overlate til NRK å fortelle det norske folk hva som skjer i Midtøsten?». Teksen vert ledsaga av eit bilete av ein blå mikrofon (NRK) med Palestina-skjerf.

Annonsa er ikkje berre usakleg, men skaper også eit enormt press på John Solsvik, Dagens nye medareider i Jerusalem. Han skal vera den som no fortel sanninga. And nothing but the truth. Solsvik er ein erfaren medarbeider, men det er umogeleg å leva opp til forventningane.

Og det vert ikkje lettare av at han ikkje kan språket. Hebraisk er heilt gresk for han.«Til tider føler eg meg ganske analfabet og hjelpelaus.», skriv han på bloggen sin. Han tenner telys som berre skal brukast på minnedagen for dei nære som er døde. Håndsåpa han har kjøpt til å ha på badet er oppvasksåpe.

Kommentarar på bloggen syner forståing for handikappet hans, men han får også kritikk. Her har han kome til eit land for å drive informasjon om kva som skjer i landet. Og så forstår han ikkje dei mest daglegdagse ting. Kvifor lærte han han ikkje språket fyrst?

Eg har inga tru på at Dagen klarer å gje eit sannare bilete av kva som skjer i Midtøsten enn journalistar som har vore der i årevis - og som kjenner språket.
Men lukke til!

Nytt slagord: «Skal vi overlate til Dagen fortelle det norske folk hva som skjer i Midtøsten?»

tirsdag 7. september 2010

Pest eller gjest?

Kva gjer Frankrike i ein union med andre land? På bakkenivå signaliserer dei at dei ikkje bryr seg om folk utanfrå. Etter fire dagar i landet er eg lei av å verta handsama meir som pest enn gjest.

Eg er vant til at spanjolane er venlege og imøtekomande. På andre sida av grensa ventar fiendtlege styrkar.
Fyrst har eg altså vore tre dagar i Barcelona og deretter fire dagar i Perpignan. Høvet var fotofestivalen Visa pour l ímage, som er ein årleg festival for dokumentarfoto i den franske byen.

Perpignan er ein triveleg by. Og eg har møtt venlege folk som forstår korleis dei skal møte utanlandske gjestar. Møte med kelnarar på kafeane var derimot sjokkerande. Dei er arrogante, frekke og overser deg glatt.

Som ung mann på tur til Paris, møtte eg franskmenn i heimlandet for fyrste gong. Og vart advart. Slik er franskmenn. Nærare tretti år etter trudde eg at dei hadde opna seg for verda og lært seg folkeskikk. Det har dei ikkje.

Ein ting er at dei ikkje snakkar til utlendingar på engelsk. Det kan eg svelgje dersom ein kompenserer med ein haldning om å hjelpe og forstå. Det har dei ikkje.

Vi nordmenn dyrkar eit underdanig sjølvbilete av at vi er så lite høflege og ikkje er opptatt av service. Mitt bilete er nå korrigert. Samanlikna med franskmenn er vi vennlege og opne, alltid villige til å hjelpe. Det er berre svenskane som slår oss i Norden.

Som lite land har vi lært ei lekse: Når verda vil møte oss, er vi klar til å møte verda.Vi lærer oss språk. Vi lærer å vera hjelpsame. Turister skal kjenne seg velkomne.
Det opplever eg det ikkje i Frankrike.
Pardon moi, sil´vou plait.

Epilog: Eg gløymde mobiltelefonen min att i ein leigebil. Heime i Norge ringde eg leigebilfirmaet, men dei nekta å snakke med meg på engelsk. Dei la på.
Ein franskflink kolllega ringde for meg og fekk til slutt kontakt. Dei gav då beskjed om at eg skal sende ein tom konvolutt med mitt namn på. Konvolutten vert returnert med mobilen. Hurraaaaa....

Nytt slagord: (med eng. uttale) Mercy boquet?

onsdag 26. mai 2010

Lyst til å bli utbytta?

Når forsikringsselskapet mitt fortel at dei vil betala meg pengar, så er det ikkje til å tru. Nesten tusen kroner frå Gjensidige fordi 2009 var eit godt år. Kjempesmart trekk når ein skal auke kundelojaliteten. Men sjå om ikkje det er ein aldri så liten, lur slange i Paris.

Eg har vore ein lojal kunde for selskapet i mange år, og dei har har utbetalt meg erstatninger fleire gonger. Så vi har eit likeverdig forhold, Gjensidige og meg. Difor var det ekstra fint å få stadfesta vår relasjon i den hyggelege e-posten som fortalde at eg skulle få min del av dei 1,2 milliardane i utbytte som skulle delast ut til kundane.

Ved å klikke på ei lenke skulle eg gå inn på «Din side» og stadfeste bankkontonummeret, og så var alt i orden. Eg dura inn på nettsida. Men i staden for å finne ei nettside der eg kunne stadfeste kontonummeret, kom eg til ei side der eg skulle samtykke i at alle avtalar og brev skulle formidlast til meg elektronisk.

Det har eg ikkje lyst til – delvis fordi papir hjelper meg å hugse å betale rekningane. Og delvis fordi eg protesterer mot den store elektronifiseringa som brer seg. Som Telenor, som krev 30 kroner i gebyr for å sende ut papir. Det er ei av dei verkeleg frekke avgiftene i samfunnet.

Så der sat eg og ikkje ville samtykke. Det må vel også vera ei val? Eg freista å klikke meg vidare, men kom attende til den same, evinnelege samtykkesida. Til slutt gav eg etter, klikka på samtykkeknappen og vart tatt vidare til kontonummeret mitt.

Det kallar eg kundesørvis! Fyrst ei ordentleg gladmelding og deretter grov utbytting av gleda.

(e-post sendt 26. mai 2010)
Kjære herr Helge Leiro Baastad, konsernsjef i Gjensidige Forsikring BA.
Eg likar ikkje å verta lurt. Eg kjenner meg lurt av Gjensidige. Eg ynskjer ikkje å motta dokument frå selskapet ditt elektronisk, men vart tvungen til å samtykke i dette for å stadfeste at eg gjerne vil motta utbytte for 2009 på bankkontonummeret som du allereie veit at eg har.

Takk for utbyttet. Ikkje utbytt kundane dine og lur dei på denne måten.
Du kunne gitt meg eit val om å samtykke eller ikkje. Det fekk eg ikkje. Det fann eg ikkje.
Går du inn på Din side, registrert på meg, vil du sjå at eg til slutt fann ut korleis eg kunne slå av samtykkinga att.

Helsing Kjell Kvamme
trufast kunde

PS. Eg reknar med at eg med dette innlegget ikkje er med i trekninga på reisegåvekort på kr. 10.000. Lukke på reisa!

Nytt motto: «Gratulerer med utbyttet! Det er på vår side»