torsdag 13. mai 2010

Far stryker

Det er heilt utruleg at det går an. Tidleg morgon. Far i ørske. Far skal stryka skjorter. Varmt strykejern. Uregjerleg strykebrett. Varmt strykejern på uregjerleg strykebrett. Det varslar om ei lita katastrofe. Det kostar å vera kar med nystrokne skjorter.

La oss ta det frå ein annan ende. Eg stryk skjortene mine sjølv. Eg er ein mann som stryk skjortene sine sjølv. I vårt årtusen er det ikkje noko å gjera nummer av. Men likevel: Min far strauk ikkje skjortene sine sjølv. Det var ikkje nødvendig at dei skotskrutete flanellskjortene han brukte ombord på fraktebåten var strokne. Tvert i mot: Det ville nesten vore flaut for ein kroppsarbeidskar å gå rundt med strokne skjorter. Skuta skulle vera stroken. Ikkje skjorta.

Men når kvitskjorta skulle på, var det mor som strauk. Ho strauk mine også, og skjortene til brødrene mine. Ein av dei få tabbane - eller manglane – i oppdraginga var skjortestryking. (Sorry, mor). Det har eg lært sjølv. Legg merke til det, for det kan forklare ulukka som er i ferd med å skje denne morgonen.

I familien til kone Tone var det også mor som strauk skjortene til far. Og mor lærte Tone å stryke. Men kvifor er det då eg som stryk skjortene mine? Hm, her er det også ein mangel i oppdraginga. For hadde ho stroke skjortene mine, hadde ulukka truleg ikkje komen til å skje denne morgonen.

Så til hendinga: Strykebrettet er av den klassiske sorten som ein kan leggja saman. Så kvar gong eg skal stryke må det setjast opp. I dag er eg litt for rask å setje det opp, så det vert ustøtt. Det merkar eg ikkje – før eg plasserer det varme jernet på brettet. Det er då det skjer. Heile brettet klappar saman, farleg nær tærne mine. Jernet går i golvet saman med brettet. I sekundet etterpå tek eg eit feil val. Eg tek opp att brettet framfor jernet. Når brettet er på plass att – stødig – ser eg det: Jernet har landa med den gloheite strykesida ned – oppå teppet av kunstfiber! Eg stuper fram og riv opp jernet, men det er for seint. Jernet har klart å smelte seg nedover i teppet. Jernet er fullt av smelta teppefiber. Det mørkeblå, einsfarga teppet har eit klassisk, stort svimerke av eit strykejern. Grrrr...

Dette ville ikkje skjedd om mor hadde lært meg strykekunsten og førebudd meg på ulike scenarier. Dette ville ikkje skjedd om kone Tone hadde stroke skjortene her i huset.
Det forstår alle.

No har eg teppe frå Ikea med svimerke. Det er det ikkje alle som har!
Kanskje eg kan henge ramme det inn og hengje det på veggen som eit kunstverk.
Det skal heite «Far stryker»

Nytt motto: «Han hadde alltid reine, glatte skjorter – før han strauk med»

lørdag 24. april 2010

Litt enkel filsosofi frå ein enkel mann

Det er deilig å verta litt bortskjemt. Få litt merksemd. Litt skryt kanskje. Eg er enkel slik. Eg tek det eg får.
Ein av dei finaste presangane eg fekk til jul var eit enkelt ark frå Johannes (son). Det var eit klippekort for seks frukostar servert på senga. Frukost på senga er så fint. Det gjev meg kjensle av luksus. Men eg får det sjeldan. Og difor sit eg endå større pris på julepresangen. Eg er enkel slik.

Sist laurdag innkasserte eg den fyrste. Johannes spurde når eg ville ha serveringa, og presis klokka ti banka han på soveromsdøra og toga inn med eit serveringsbrett. På det var det to brødskiver og kaffi med mjølk. Så supplerte han med eit glas jus. Ein god start på ein laurdag. Tone kom med fire aviser, og då var eg ein lukkeleg mann.

Berre tanken på at eg kan få frukost på senga gjer meg glad. Eg er enkel slik.
Det er ein genial presang. Og han varer lenge, så lenge eg vil. Men når eg opp mot jul i år tingar den siste sengefrukostserveringa, angrar sikkert Johannes at han ikkje gav meg eit par sokkar.
Det vil kosta han lite i kontantar, men meir i innsats.
Berekraftig og politisk korrekt er det også. Men blås i det så lenge far vert glad. Det er det viktigaste. Eg er enkel slik.

Eg fylte femti nyleg. «Det er det siste jubileet som er fint å feire», så ein eldre kollega som nærmar seg sytti. Midt i arbeidstida kom mine kolleger med gigantisk marsipankake. Det vanka talar frå ein av sjefane og frå fagforeiningsleiaren. Eg fekk gåve både frå klubb og arbeidsgjevar. Det var ingen grense for merksemd. Det var fint. Eg likte det. Eg kjente at det gjorde godt, både dei fine orda og presangane. Og eg tykte at eg var verdt det. Eg er enkel slik.

Då mora til ein god ven døydde held eg tale i minnestunda. Mora var snill, veldig snill, og eg hevda at å vera snill er ein undervurdert eigenskap. Alle snille menneske vert hugsa, og eg trur det skjer fordi alt det snille set seg fast i minnet. Såra som vi er av livet er det godt med flekkar på sjela av alt det gode og snille vi også har opplevd.
Å vera snill er god kundesørvis ut frå mi forståing av «kundesørvis». Eg trur på snillismen. Det er ein enkel ideologi - for enkle menneske.

Nytt motto: «Ver snill, værsåsnill»

onsdag 7. april 2010

Helt ipaddeflat

Eg elskar ny teknologi som er smart og leikfull. Dette innlegget skal handle om kor dumme folk er som tykkjer at all ny teknologi er smart og leikfull. Høyrde eg ipad?

Sjølvaste påskeaften var fyrste dag Apples nye ipad var i sal. Det vart seld 300.000 eksemplar denne dagen. No melder dei fyrste testane at det er feil på den fantastiske medieplata. Ha! Var det ikkje det eg visste – og så skråsikkert har hevda. Fyrste generasjon av ei ny maskin er full av feil.
Men sanninga er at jeg berre hevdar slikt for å skjule kor vanvittig nysgjerrig eg er på vidunderet og kor gjerne eg skulle hatt eit eksemplar.

Eg les i fleire aviser og blad der ipadda vert testa. Det står det same over alt: Kor enkel ho er til å bruke, kor fantastisk spelmaskin og filmmaskin det er, men kor dårleg ho er til innhaldsproduksjon.

I dag då eg leste Jan Omdahl si melding i Dagbladet av ipad slo det meg kor ukritisk kritikarane er. Ein ting er at det er teknofrikar av verste slag som skriv om ny teknologi. Då er det kanskje ikkje anna å vente at dei hevdar at siste versjon, siste oppgradering og neste utgåve alltid er den beste. Og den berre MÅ du ha, berre MÅ ha. For den du kjøpte for eit halvt år sidan er utdatert og snart må vrakast på skraphaugen.

Men ei anna side av den ukritiske haldninga er at eg aldri les nokon teknoekspertar som seier at «dette treng du ikkje», «denne oppgraderinga er å kaste pengar ut vindauget» eller «no er det for mykje ny teknologi». Fetisjistane opptrer i staden som pusharar av alt nytt, skinnande.
Det gir meg dårleg smak i munnen. Eller ein annan stad.

Faktum er at miljørekneskapet for alle elektronikk er høgt. Vi kan ikkje halde fram å fornye datamaskina vår kvart femte år. Og det seier eg!?! Dette skriv eg på ei Apple notebook som er fem månader gamal, betalt av arbeidsgivaren min. Då den gamle knelte i haust var han knapt seks år gammal. På den nye maskina kan eg gjera kva eg vil. Fantastisk apparat. I heimen vår er vi fire personar og fem datamaskiner. Alle har fått si eiga, og familiens «fellesmaskin» og står og samlar støv i ein krok.

Den britiske TV-serien «Etter katastrofen» er tankevekkjande. Epidemien som drep dei fleste menneske utryddar også ein teknologibasert levemåte. Dei overlevande er tvungne attende til jorda for å overleve. Vi er dårleg budd på ein kollaps av teknologien. Vi ser heller ikkje kor lite viktig han er når alt kjem til alt.

Teikneseriestripa Lunch (i Dagbladet og Teknisk Ukeblad) har hovudpersonen Kjell (!) som på Wikipedia vert omtalt slik: «Kjell er en liten, skallet mann som stadig kommer med nye påfunn. Han er ganske ivrig etter pene damer, og gjør hva som helst for å se nærmere på dem. Han er ikke så ivrig på jobb, og tar ofte ting feil eller altfor bokstavelig.»

Vel, ein dag vert han mobba for sitt fulle skrivebord. Det er hans kollega, designaren Nico som ynskjer Kjell «velkommen til det papirløse samfunn». Nico «har mange produkter fra Apple på jobb. Han er et ordensmenneske, og blir gal dersom ting kommer ut av kontroll. Han blir veldig stolt når han finner ut nye ting, og bruker det så ofte som mulig.» Nico har alt lagt inn på iphonen sin, men når han frå klosettsetet sender tekstmelding til Kjell om det er tomt for toalettpapir, svarer Kjell: «Velkommen til det dopapirløse samfunn. Tørk deg med iphonen».

Nytt slagord: «I dag ville Moses kome ned frå Sinaifjellet med en e-tavle»

onsdag 10. februar 2010

Dyrt å vaske bil no om dagen

Dette er historien om då far køyrde bil med skiboks inn i vaskemaskina. Vi åtvarer mot stygge scener. Og sjå opp for lause delar.

Det er sommar 2009. Eg køyrer med skiboks på taket for å få alt med når vi er på tur. På veg til Hvasser i Tjøme har eg Frida og ei venninne i bilen. Dagen er full av sol og godt humør.
Før vi reiser avstad skal eg berre innom Statoil-stasjonen i Asker for å vaske bilen. Eg kjøper vaskeprogram i kassa og stiller meg i kø utanfor vaskehallen.

Der heng det eit skilt med beskjed om at dei som har skiboks treng å kjøpe eit eige vaskeprogram. Men kva sto det på skiltet? Sto det «bør«, «skal», eller «kan» kjøpe eige program? Hugsar ikkje. Men eg hugsar kva eg tenkte: «Nei, det er sikkert ikkje nødvendig. Taket vert nok reint likevel». Tanken om at noko fatalt kunne skje, streifar meg ikkje på ein dag som er full av sol og godt humør.

Når dei store børstene startar, er eg likevel litt uroleg. Men det ser lenge ut til å gå bra. Brått høyrer vi ein stygg lyd oppe frå taket og eit dunk. Inne i bilen ser vi på kvarandre, men er framleis optimistiske. For dagen er full av sol og god humør.
På veg gjennom lufttørkaren ser eg i speilet at han som står bak oss i kø løftar ein skiboks og legg han ved sida av innkøyringa. Eg kommenterer høgt: «Han er lur han som tek av skiboksen sin». I ettertid høyrest det utruleg dumt, men det gjorde ikkje det på ein dag full av sol og godt humør.

Ute av vaskehallen skal vi studere skiboksen. Det er ingen skiboks på taket!!! Skiboksen som mannen bak hadde lyfta vekk var ikkje hans eigen. Han var vår!!
Vaskebørstene har rive heile skiboksen av taket. På den eine sida har dei rive med seg ei av takbøylene som boksen var festa i. Elles ser det ikkje ille ut, vurderer ein det ut i frå at ein skiboks flagrar av taket inne i ein vaskehall. Nokre småskrammer i lakken. Tverrbøylene er like heile. Det same er sjølve skiboksen. Hell i uhell. Lukke i ulukka. Men like fullt idiotisk.

Det er rart korleis ein dag full av sol og godt humør brått vert full av tunge, mørke skyer – som ikkje klarar å skjule eit pinleg faktum: Det er mi eiga skuld. Det er ingen andre å skulde på. Noko som elles kan gjera alt elende litt lettare å bera.
Eg hadde vorte varsla før eg køyre inn vaskemaskina. Kjepphøg, lat og blenda av ein dag full av sol og godt humør hadde eg ignorert det. Latskapen kosta meg 1300 kroner.
Dyrt å vaske bil no om dagen.

Nytt motto: «Dumskap vert alltid avslørt»

mandag 1. februar 2010

Norges Skamfulle baner

Det tok lang tid, men måtte vel skje en gang: At NSB behandler sine passasjerer med respekt. Det måtte nok en minister til for at togselskapet skulle refundere halve billetten ved forsinkelser.

Når mitt lokaltog er en halv time forsinket, får jeg tilbake halve billetten. Det blir ca. 20 kroner for meg som pender Gullhella- Asker. Skal jeg ha to tiere for å komme så grundig for seint på jobben?

På lørdag ble det avslørt at NSB ville betale 8 kroner for et forsinket tog. Det er omtrent samme sum du bruker på porto om du sender klageskjemaet i posten. Jeg hørte Pendler-Norge le – rått og hånlig. At noen i det hele tatt hadde tenkt et så lavt tall, er jo latterlig. Men det illustrerer NSBs holdning til kundene.

Hvorfor var da forsinkelsesvederlaget helt annerledes mandag? Det kan jeg bare spekulere på. De siste ukene er NSB og Jernbaneverket holdt i kraven av Samferdselsdepartementet. På bildet fra dagens pressekonferanse sitter minister Magnhild Meltveit Kleppa ved siden av NSBs konsernsjef Einar Enger. Jeg tenker nok at fru Kleppa etter en «jønågång» fortalte hvordan han hvor toget skulle gå.

Ikke bare det, men det var jo hyggelig å se hvordan NSBs toppsjef ser ut. Mens kulda har herjet og vi passasjerer har plaget togpersonalet (joda, jeg innrømmer at jeg har vært sur), så har herr Enger vært helt fraværende. Er det mulig at en togfører ikke sitter foran i toget (skjønte den? «kaptein på broen»...) når uværet herjer?

Jeg lurer nok på om den nye refusjonsordningen vil blidgjøre dama som satt ved siden av meg fra Asker til Oslo i dag. Da konduktøren kom, sa hun bestemt «I dag vil jeg ikke betale!». Toget var 15 minutter forsinket og gradestokken viste 14 minusgrader. Jeg skvatt litt. «Bra freidig!», tenkte jeg. Konduktøren godtok nektelsen og fortalte vennlig at det var varmere i vognen framover.

Jeg hadde ikke turt noe annet jeg heller, hadde jeg møtt kona mi i det humøret. For det var hun som satt der.

Nytt motto: «NSB - ingen skal med»

mandag 7. desember 2009

Norges Samle Baner

Denne gongen skal eg skryte av NSB. Heis flagget, det er ikkje ofte. Enkelt oppsummert er det slik: Mister du noko på toget, får du det att.

Både Frida og eg har på kort tida opplevd å miste ting på toget. Ok, «miste» er kanskje ikkje heilt dekkjande. Leggje att og rote vekk kan også brukast.

I løpet av ei veke mista Frida både lommeboka og telefonen sin, ein dyr iphone, på toget. Begge vart tatt vare på og kunne hentast i hittegodsekspedisjonen på Oslo S. Då ho mista lommeboka, ringde NSB før ho oppdaga at pengane var vekke.

Ein morgon på toget synte eg billett, men gløymde å leggje lommeboka attende i veska. Vel ute av toget og på veg nedover Karl Johan går det opp for meg: «Lommeboka!» Passe irritert over å få ein så dårleg start på dagen, travar eg mot jobben min for å ringje NSB.

Ei lommebok er ikkje pengar. Det er eit lite arkiv. Som eg ikkje har råd til å miste. Det er utruleg mykje plunder når lommeboka forsvinn. Og det er for min del ikkje fyrste gong. La meg sjå, det er vel den sjette eller sjuande gongen. Men ho har alltid kome attende. Ikkje alltid med pengar, men vanlegvis med alle papira på plass.

På veg inn døra i Møllergata, ser eg at jeg har eit ubesvart anrop på telefonen. Eg ringjer attende. Konduktøren på toget fortel at han har ringd meg for å fortelje at lommeboka allereie er levert inn på hittegodset.

Utruleg! Før eg har starta arbeidsdagen har eg altså klart å både miste og få att lommeboka mi. Vakta i hittegodsskranken sat med lommeboka i hendene då eg kom. Han hadde ikkje ein gong fått tid til å leggje henne i hyllene.

Nytt slagord: «NSB - når du trur at siste tog har gått»

torsdag 5. november 2009

Hurra, me har svineinfluensa!

Eg går rundt med munnbind. Svineinfluensaen er i hus. No kan jula kome.

Det er litt absurd. Frå å ha eit distansert tilhøve til svineinfluensa, veit eg no kva det er er. Det er dattera mi, som ligg i senga med feber, hoste og vondt i kroppen. Vi er ein del av pandemien. Tjohoi!

Etter å ha sett på køer for å få vaksine, var eg førebudd då eg i dag reiste inn til Asker for å kjøpe Tamiflu. Det er fyrste dag influensamedisinen er utan resept, og eg trudde køene var lange utanfor apoteket. Tusenvis hadde tidlegare på dagen oppsøkt apoteka i Oslo. Mange var avvist.

I apoteket i Asker var det ikkje kø. Mannen framfor meg insisterte på at han skulle ha Tamiflu, fordi det hadde legen hans sagt. Men farmasøyten var klar: Var han ikkje sjuk eller i ei risikogruppe, kunne han ikkje få. Sur og misfornøyd måtte han til slutt gå utan medisin.

Farmasøyten og mannen fekk svi for helsestyresmaktene dårlege «kundeservice». Dei har ikkje nådd ut til folket med presis informasjon. Og korleis skal dei klare det når mediene fortel halve sanninga, legane desinformerer og rykta går? Det er ei umogeleg oppgåve – ironisk nok i eit moderne informasjonssamfunn.

Sjølv var eg heldig og høyrde eit nyhendeinnslag på radio på veg til apoteket. Difor visste eg at farmasøyten hadde rett. Sjuke burde ikkje sjølv gå på apoteket, men sende nokon i familien, fortalde radioen. Hei, dei snakka om meg! Far rykkjer ut!

Eg fekk medisinen. Betalte 70 kroner (sterkt subsidiert av Staten), fekk to pakker munnbind med bruksanvisning og kjente at eg var ein del av eit større fellesskap; dei pandemiske.

Heime gjekk eg inn på datteras rom. Og vi lo godt, begge to. Der står far ved senga – med munnbind – redd for å verta smitta av farsotten.

Apropos mor. Frua tykkjer ho kunne vorte ein god sjukepleiar for ho kler munnbind så godt.
Nei, om farsotten er ille, er sikkert morsotten verre. Det er eit godt sottår i år. Det kan vi slå fast.

Nytt slagord: «Vil du ha epidemi – eller di?»